Fagarbeidar, 100% fast stilling
Ringstad og Helstad barnehage, Stranda kommune
- Arbeidssted
- STRANDA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 23. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ringstad og Helstad barnehage vart i 2024 slått saman til ei kommunal eining, Det er fortsatt to kommunale barnehagar som har felles leiing. Ringstad barnehage er lokalisert like ved Stranda ungdomsskule og Helstad barnehage ligg i Strandadalen like ved Svemorka industriområde.
Ringstad barnehage har i dag 60 plassar, fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn) og to avdelingar med 18 plassar på kvar.
Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområde som gir barna gode muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med gapahuk og bålplass, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement.
Barnehagen er open måndag- fredag frå kl. 06.40 til 16.15.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjarene har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf Offentleglova § 25.
Vi har ledig 100% fast stilling som fagarbeidar frå 01.02.2027
KvalifikasjonarFagbrev i Barne- og ungdomsarbeiderfaget.
Gode norsk kunnskaper. Krav om bestått nivå A2 og B1 i lese, lytte og munnleg kommunikasjon.
Ved mangel på søkjarar med fullført fagbrev kan søkjarar med anna relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte
Personlege eigenskaparFleksibel, sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
Flink til å kommunisere med små og store
Har helse som er forenlig med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyrEit godt arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver
Lønn etter tariff
KontaktinformasjonSusan Aambakk Helsem, Einingsleiar, +47 46411130
Hilde Langlo Brekke, Assisterande styrar, +47 46411844
ArbeidsstadHevsdalsvegen 44
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5194545620
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.