Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Lege i spesialisering i onkologi

Kreftklinikken, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
16. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Kreftklinikken på Haukeland universitetssjukehus er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling.    Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå. Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdommen, og redusere biverknadane. Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. Vi er per i dag 28 LIS-legar og rundt 43 overlegar. Vi har no ledig vikariat (12 månaders varigheit) frå mars 2027 som lege i spesialisering i onkologi. Det kan vere moglegheit for vidareføring av vikariat og eventuelt fast stilling på sikt. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga. For vikariat kan cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Cand.med. blir inkludert i vaktrotasjon, hvis ledig vaktplan.  Tiltreding i stilling kan vere frå januar 2027. Opplys i søknaden om du ønsker å starte frå januar eller mars 2027. ArbeidsoppgåverLegar i spesialisering vil i rotasjon vere fordelt på ulike team på sengepostane. Legar i spesialisering deltar i postarbeid med mellom anna visittgang, inn- og utskriving av pasientar, poliklinikk og vurdering av pasientar saman med overlege. Seinare får legar i spesialisering under supervisjon av overlege sjølvstendige oppgåver knytta til vurdering av behandlingsopplegg, inkludert strålebehandling med målvoluminnteikning Det er p.t. 26-delt tilstadesvakt KvalifikasjonarDen som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i onkologi For vikariat kan cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar Må meistre norsk skriftleg og munnleg God skriftleg dokumentasjonsevne Anna som blir lagt vekt på er vitskapelege merittar og evner Dokumentert relevant erfaring Personlege eigenskaparEr effektiv og rasjonell når ein utfører sitt arbeid Forstår raskt komplekse spørsmål og problem Demonstrerer god fagleg kunnskap og vurderingsevne, og kan integrere dette i sitt daglege arbeid og i fagutvikling på ein god måte Identifiserer og skil ut kva som er relevant informasjon om ein pasient, og sikrar korrekt oppfølging av pasienten Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og anna helsepersonell, kan tilpasse og formidle kompleks informasjon til desse Behandlar pasientar og pårørande profesjonelt, respektfullt og empatisk, møte menneske i krise på ein god måte Har god munnleg og skriftleg presentasjonsevne Har vilje og evne til å tilpasse seg skiftande krav og tilhøve Stillingen passar godt til legar med stor fagleg interesse og arbeidskapasitet Vi tilbyrGod opplæring og rettleiing av erfarne legar Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Eit givande arbeid og anledning til å utvikle seg mykje personleg og fagleg innanfor eit godt arbeidsmiljø Sideutdanning tilknytt spesialistforløpet i onkologi Eigen rotasjonsordning for indremedisin sideutdanning Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMartin Pilskog, Ass. seksjonsleiar, 41760139 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5200637845 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 16.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.