Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar natt - Vil du vere den som skaper tryggleik når andre søv? 

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune

Arbeidssted
SYKKYLVEN, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
26. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) har vi ledig fast 80 % stilling på natt for helsefagabeidar. Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell kvar natt? Vi søkjer ein helsefagarbeidar til fast nattstilling i eit inkluderande arbeidsmiljø der fagleg kvalitet og samarbeid står sterkt. 🌟 På natt er du ein del av eit team på 7 medarbeidarar som samarbeider tett for å gi brukarane våre tryggleik, omsorg og gode tenester. Du arbeider sjølvstendig, men aldri åleine. Det er alltid ein sjukepleiar på «topp». BUAS er ein variert arbeidsplass med 83 plassar fordelt på fem avdelingar, mellom anna demensomsorg, rehabilitering, korttidsopphald, KAD-plass og heildøgns omsorg. Du må påregne å jobbe i alle avdelingane. Kvifor velje oss? 💙 Du blir ein del av eit godt og stabilt nattevaktmiljø 💙 Du får varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar 💙 Du arbeider i ein organisasjon som set kvalitet og omsorg høgt 💙 Moglegheiter for fagleg utvikling Bli med på laget vårt! ArbeidsoppgåverPleie- og omsorgsoppgåver ut frå brukarane sine behov og vedtak Tilsyn, kliniske observasjonar, vurderingar, palliasjon og oppfølging gjennom natta Bidra til tryggleik og trivsel for bebuarane Dokumentasjon og rapportering Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper KvalifikasjonarAutorisasjon som helsefagarbeidar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Interesse for arbeid med eldre og personar med samansette omsorgsbehov Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar Personlege eigenskaparEr positiv og vektlegg å samarbeida godt med andre Har eit personleg og fagleg engasjement for brukergruppe Liker å arbeide i eit skiftande tempo og tilpassa arbeidsmåten etter det Er motivert, serviceinnstilt og fleksibel Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyrTilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver  Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø   Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonNina Hovdenakk, Avdelingsleiar Natt, 90580264, nina.hovdenakk@sykkylven.kommune.no Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5192908182 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 26.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.