Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Miljøterapeut / Fengselsbetjent– Ungdomseining Vest Bjørgvin fengsel

Bjørgvin fengsel

Arbeidssted
BERGEN, BREISTEIN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
3

Stillingsdetaljer

Om stillingaKriminalomsorgen region vest har etablert eit nasjonalt sonings- og varetektstilbod for mindreårige ved Bjørgvin fengsel.  Bjørgvin fengsel Ungdomseining vest søkjar 3 fengselsbetjentar/miljøterapeuter til fast stilling snarast.  Stillinga inneber turnusarbeid med arbeid kvar tredje helg. Tilbodet byggjer på tett tverretatleg samarbeid med barnevern, psykisk helsevern, opplæringstenester og kommunale instansar. Målet er intensivt endringsarbeid slik at størst mogleg del av straffegjennomføringa kan skje utanfor fengsel. Som tilsett ved Ungdomseining Vest arbeider du tett med unge innsette under 18 år. Du skal bidra til tryggleik, struktur og målretta progresjon arbeid. Rolla inneber både tryggleiksfaglege oppgåver og relasjonsarbeid. Du vil vere samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar. Arbeidet krev evne til tryggleikstenking, grensesetjing, konfliktløysing og motivasjonsarbeid. Arbeidsoppgåverdaglege oppgåver i forhold til unge innsette  strukturet endringsarbeid etter miljøterapeutiske prinsipper  andre rutinemessige oppgåver vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdeling  motivera dei innsette  Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde. Kvalifikasjonar  Du må ha for miljøterapeut stilling: Bachelorutdanning frå høgskule/universitet (helse- og sosialfagleg retning er føretrekt) Minimum eitt års erfaring frå miljøterapeutisk arbeid og/eller arbeid i fengsel Erfaring frå institusjonsarbeid (vil bli vektlagt) God munnleg og skriftleg framstillingsevne God IKT-kompetanse Førarkort klasse B Gode norskkunnskapar Du må oppfylle dei fysiske funksjonskrava som gjeld for opptak ved KRUS. Det vil bli gjennomført fysiske funksjonstestar for miljøterapeuter som må beståast.  https://www.krus.no/fysisk-funksjonstest.521471.no.html Du må ha for fengselsbetjent stilling: Bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS  God kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system og verktøy  God munnleg og skriftleg framstillingsevne  Førarkort klasse B Gode norskkunnskapar Det er ønskjeleg at du har Fleksibilitet og tåler uføreseielegheit og har evner å prioritere i stressande situasjonar  Erfaring frå arbeid med barn og unge Fagleg interesse og engasjement for målgruppa Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å skape relasjonar til innsette  har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette  har god evne til tverrfagleg samhandling  har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk  har evne til å ta ansvar og ta avgjerder, også i krevande situasjonar  evne og vilje til å delta på aktivitetar med ungdom utanfor fengselet  Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyrMeiningsfulle arbeidsoppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag Fagleg utfordrande og utviklande arbeid Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse Trening i arbeidstida Gratis parkering og ladepunkt for el-bil Stillinga er lønt som 1201 miljøterapeut med årslønn frå kr 525 000 til 670 000, avhengig av kvalifikasjonar. Eller som fengselsbetjent 0264 med årslønn pålydande, kr 500 000 - 630 000 pr år. Gode tillegg for ubekvem arbeidstid. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Generell informasjonTilsette sine haldningar og verdiar skal vere i tråd med kriminalomsorga sitt verdisyn.  Våre verdiar er: Openheit, tryggleik og nytenking. Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden. Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar kvalifiserte søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss. Kriminalomsorga arbeider for å realisere regjeringas inkluderingsdugnad om at 5% av alle nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en. Vi gjer merksam på at dersom søkjarane oppgjev at dei har nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en» kan opplysinga nyttast til registreringføremål. Prøvetida er 6 månader. Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet. Det går for tida føre seg ein utgreiingsprosess i kriminalomsorga som kan medføre ei organisasjonsendring. Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsinspektør Arne M. Hægland tlf. 55251284 For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.