Helsefagarbeidar
Ytre Haram dagsenter
- Arbeidssted
- HARAM, BRATTVÅG, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ønskjer du å vere med og skape meiningsfulle dagar for eldre og personar med hjelpebehov? Vi søkjer ein engasjert og positiv helsefagarbeidar til vårt dagsenter for eldre. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til dagsenterdrift på kvardagar, med arbeidshelg i heimetenesta. Dagsenteret er eit viktig tilbod som skal bidra til aktivitet, meistring, sosial deltaking og gode opplevingar for brukarane våre. Vi ser etter deg som trivst med å skape aktivitet, byggje relasjonar og bidra til eit inkluderande miljø.
Stillinga inngår i turnusordning og omfattar for tida arbeid på dag og kveld, og arbeid kvar 3. helg.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
ArbeidsoppgåverIvareta oppgåver knytt til stillinga som helsefagarbeidar.
Planleggje, organisere og gjennomføre aktivitetar ved dagsenteret.
Motivere til meistring, sosial deltaking og fysisk aktivitet.
Bidra til gode opplevingar og ein trygg kvardag for brukarane.
Samarbeide med pårørande og andre relevante samarbeidspartar.
Ivareta dokumentasjonsplikt og bidra til fagutvikling.
Rettleie og støtte elevar, lærlingar og studentar.
Utføre pleie- og omsorgsoppgåver i heimetenesta på arbeidshelger.
Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
KvalifikasjonarOffentleg godkjent helsefagarbeidar.
Førarkort klasse B.
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, med norskkompetanse på B2-nivå. Det blir lagt vekt på gode kommunikasjonsevner og evne til å kommunisere tydeleg med brukarar, pårørande og kollegaer.
Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.
Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Personlege eigenskaparDu er kreativ, initiativrik og glad i å skape aktivitet saman med andre.
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Du er engasjert og oppteken av fagleg utvikling.
Du arbeider sjølvstendig og strukturert.
Du er løysingsorientert og fleksibel.
Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
Du er oppteken av å sjå den enkelte brukar sine ressursar og moglegheiter.
Du har evne til å byggje gode relasjonar til brukarar, pårørande og kollegaer.
Vi tilbyrEi spennande og variert stilling med kombinasjon av dagsenter og heimeteneste.
Moglegheit til å vere med og vidareutvikle eit viktig aktivitetstilbod.
Eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
Fokus på kvalitet, velferdsteknologi og framtidsretta tenester.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Løn etter tariff.
KontaktinformasjonGrete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, grete.grytten@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
ArbeidsstadStorgata 18
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5177082879
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.