Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

2. gangs utlysing Sjukepleiar - fast stilling på natt

Eidet omsorgssenter avd 1, Haram kommune

Arbeidssted
HARAM, TENNFJORD, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
2. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Haram kommune søker etter sjukepleiar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.  Eidet Omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på natt. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. ArbeidsoppgåverHelsefaglege oppgåver. Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane. Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper. Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling. Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar. Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande. KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar. Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg. Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Personlege eigenskaparI Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Godt humør og positiv framtoning. Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme. Vi tilbyrTverrfagleg samarbeid. Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver. Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på. Gode turnustekniske løysingar. Løn etter tariff. Gode pensjons- og forsikringsordningar. KontaktinformasjonMaria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no ArbeidsstadTrolldalssletta 12 6264 Tennfjord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5177985024 Stillingsprosent: 65% Fast Søknadsfrist: 02.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.