Otterdal Vatne AS søkjer fleire medarbeidarar - bli med på laget innan betongsaging, wiresaging og spesialriving
Otterdal Vatne As
- Arbeidssted
- ØRSTA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- Snarest
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Otterdal Vatne AS søkjer fleire dyktige og motiverte medarbeidarar som ønskjer ein variert og spennande arbeidskvardag!
Vi er ei mindre bedrift med store ambisjonar, og satsar tungt på betongsaging, kjerneboring, wiresaging og spesialisert riving av større betongkonstruksjonar.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som er praktisk anlagt, nevenyttig og har lyst til å lære eit spennande fag!
Du treng ikkje ha erfaring frå betongsaging eller rivingsarbeid. Vi er først og fremst opptekne av å finne dei rette personane med god arbeidsmoral, positiv innstilling og interesse for praktisk arbeid.
Vi ser gjerne at du:
Er nevenyttig og trivst med fysisk arbeid
Er lærevillig, løysingsorientert og tek initiativ
Har god arbeidsmoral og møter opp med ei positiv innstilling
Kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre
Er fleksibel med tanke på arbeidstid og reiseoppdrag
Har førarkort klasse B, gjerne BE
Har interesse for maskiner, verktøy og teknisk arbeid
Erfaring frå bygg og anlegg, maskinkøyring, betongsaging eller riving er ein fordel, men absolutt ikkje eit krav.
Vi sørgjer for nødvendig opplæring og ønskjer å utvikle dyktige fagfolk internt.
For oss er haldningar, innsatsvilje og personlege eigenskapar viktigare enn ein lang CV.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og omfattar mellom anna:
Betongsaging og kjerneboring
Wiresaging av betong, fjell og større konstruksjonar
Riving og demontering av betongkonstruksjonar, mellom anna ferjekaier, bruer og industribygg
Maskinell riving med elektrisk riverobot og gravemaskin
Meisling, pigging og anna rivingsarbeid
Betening og vedlikehald av moderne maskiner og spesialutstyr
Andre oppgåver innan bygg, anlegg og spesialriving
Vi utfører oppdrag på Sunnmøre og elles i landet.
Du vil få ein variert arbeidskvardag med både mindre oppdrag og større, teknisk krevjande prosjekt.
Vi tilbyr
Vi tilbyr:
Svært konkurransedyktige lønnsvilkår
Attraktiv bonusordning
Fast tilsetjing i ei solid satsande bedrift i sterk vekst
Eit godt, uformelt og inkluderande arbeidsmiljø
Moderne maskinpark med fokus på elektrisk og effektivt utstyr
Spennande og varierte arbeidsoppgåver -- frå mindre lokale oppdrag til store spesialprosjekt
Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kurs og opplæring
Moglegheit til å spesialisere seg innan wiresaging, betongsaging og avansert rivingsarbeid
Stor grad av sjølvstende, ansvar og påverknad på eigen arbeidskvardag
Hos oss blir du ikkje berre ein av mange tilsette. Du blir ein viktig del av eit mindre team der innsats, initiativ og gode resultat blir verdsette.
Vi ønskjer å satse på medarbeidarane våre, og meiner at gode prestasjonar også skal lønne seg.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.