Fast helgestilling - Habiliteringstenesta
Alver kommune
- Arbeidssted
- ALVER, ISDALSTØ, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 31. des. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 10
Stillingsdetaljer
Om stillingaAlver kommune søkjer etter assistentar til fast helgestillingar til habiliteringstenesta. Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i utdanning innan helse-og omsorg. Om du ikkje har erfaring men interesse for faget kan du og søkje!
Som tilsett hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team med dyktige helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, assistenter, miljøterapeuter og andre fagpersonar. Saman sørger vi for at våre tenestemottakarar opplever trygge og gode dagar!
Aktuelle avdelingarKvassnesvegen bufellesskap
Avdelingsleiar: Ana Milena Opsanger
Skrenten avlastning
Avdelingsleiar (vikar): Signe Korsøen Tofting
Hannesvegen bustader
Avdelingsleiar: Maria Urhaug
Storhaugen bufellesskap
Avdelingsleiar: Therese Einmo Frantzen
Stallanemarka burettslag
Avdelingsleiar: Renate Nordahl
Bjørkhaugen og Kvernhusmyrane bufellesskap
Einingsleiar: Bjørg Konglevoll Lunde
Frekhaug bustader sone 2 / Bustølen og Grønland
Einingsleiar: Eva-Kristin Breistein Fanebust
Avlastningstenester for born og unge
Einingsleiar: Anu Singh
Prestbrekka bufellesskap
Einingsleiar: Lene Christensen
Frekhaug sone 1 / Ambulerande tenester
Einingsleiar: Marianne Bratshaug
ArbeidsoppgåverSkape føreseielegheit, tryggleik og struktur
Praktisk hjelp og bistand til tenestemottakarar
Samarbeide med andre instansar ved behov
Dokumentasjon i fagsystemet Profil
Ivaretaking av kapittel 9 vedtak
Kven er du?Du er omsorgsfull og har eit ekte engasjement for å hjelpa andre.
Du er påliteleg og møter opp til avtalt tid og tek ansvar for arbeidsoppgåvene dine.
Du har gode kommunikasjonsevner og trivst å samarbeida med både kollegaer og tenestemottakarar
Du er fleksibel og taklar endringar og ulike arbeidsoppgåver med eit positivt sinn.
Du er løysingsorientert og tek initiativ når det trengst.
Du har evne til å skapa tryggleik og trivsel rundt deg.
Du har roleg og handterer stressande situasjonar på ein god måte.
Me tilbyrEngasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Eigen avløning for sjukepleie, vernepleie og medisinstudentar
Sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff og vernepleiarar ligg 9000 over tariff
Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
Fagleg utvikling
Årsturnus
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
God pensjonsordning gjennom KLP
Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er AlverMe får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.