Lærer
Træet skule, Askøy kommune
- Arbeidssted
- ASKØY, KJERRGARDEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 7. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du ein engasjert og hjartevarm pedagog som brenn for læring og trivsel hos elevane? Træet skule har ledig ei 60 % fast stilling, og vi leitar etter deg som vil gjere ein skilnad!
Hos oss blir du ein del av eit raust og sosialt kollegium som heiar på kvarandre, deler erfaringar og støttar kvarandre i kvardagen. Vi har eit sterkt fokus på godt nærvær og eit inkluderande arbeidsmiljø der du raskt vil kjenne deg heime.
Kvifor velje Træet skule?
Læring skjer i rørsle og natur. Vi ligg i flotte landlege omgjevnader og brukar uteskule og fysisk aktiv læring aktivt i skulekvardagen.
Vi har fokus på leseglede. Som nynorskskule satsar vi tungt på lesing, og vi er stolt deltakar i det spennande leseprosjektet i Ravnanger krins.
Trygt og godt skulemiljø med systematisk Olweus arbeid.
Utviklingsorientert milljø og vi byggjer arbeidet vårt på lærings- og utviklingsstøttande pedagogikk, der vi ser og løftar heile mennesket.
Vil du bli ein del av laget vårt? Send oss ein søknad – vi gleder oss til å bli kjend med deg!
ArbeidsoppgaverPlanleggje, gjennomføre og evaluere undervisning i tråd med læreplanen og opplæringslova.
Skape eit trygt og inkluderande skulemiljø for elevane gjennom god klasseleiing og inkluderande undervisning.
Følgje opp den faglige og sosiale utviklinga til elevane, og tilpasse opplæringa.
Vurdere og dokumentere læringa og utviklinga til elevane.
Bruke digitale verktøy aktivt i læringsarbeidet.
Sikre god dialog og eit godt samarbeid med føresette og andre aktuelle instansar.
Bidra aktivt i profesjonsfellesskapet og i utviklingsarbeidet til skulen.
Bidra til trivsel, tryggleik og eit positivt arbeidsmiljø.
KvalifikasjonerGodkjend lærarutdanning.
Undervisningskompetanse for 1.–7. trinn.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
God digital kompetanse, både i eige arbeid og i undervisninga.
Det er ønskeleg at du har undervisningserfaring.
Spesialpedagogisk kompetanse er ønskeleg.
Tilfredsstillende politiattest kreves og må fremlegges senest ved tiltredelse
Personlige egenskaperGode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape trygge og positive læringsmiljø.
Tydelig og god kommunikasjon med elevar, føresette og kollegaer.
Arbeider strukturert og målretta, med god evne til å organisere og halde oversikt.
Tålmodig, roleg og løysingsorientert i utfordrande situasjonar.
Motiverande og engasjert, med evne til å variere undervisningsmetodane.
Fleksibel og tilpassingsdyktig overfor elevar med ulike behov.
Har god rolleforståing og jobbar profesjonelt.
Arbeider sjølvstendig og gjer gode vurderingar i ulike situasjonar.
Reflektert og utviklingsorientert, med ynskje om vidareutvikling.
Vi tilbyrLøn etter gjeldande avtaleverk.
Gode pensjonsordningar.
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring.
Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø der du blir ein viktig del av eit engasjert profesjonsfellesskap.
God støtte og rettleiing for nyutdanna lærarar – vi sørgjer for ein trygg og fagleg solid start i yrket.
Tett samarbeid med erfarne kollegaer og eit miljø som deler kunnskap og gjer kvarandre gode.
Ein arbeidskvardag prega av tillit, fleksibilitet og rom for å prøve ut nye idéar i undervisninga.
Generelle opplysninger: I henhold til offentlighetsloven §25, 2. ledd kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om å ikke bli oppført på søkerlisten. Dersom ønsket ikke etterkommes, vil søkeren bli varslet om dette før søkerliste utarbeides.
Eventuelle vitnemål og attester skal legges inn som vedlegg til søknaden.KontaktinformasjonAina Waage, Konstituert rektor, +47 56 15 55 77
ArbeidsstedBerlandsvegen 41
5314 Kjerrgarden
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Askøy kommune
Referansenr.: 5182321791
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 07.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.