Medarbeidar - helse og skule
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
- Arbeidssted
- FJORD, VALLDAL, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søker medarbeidar i 100% stilling til ein glad og positiv gut på 14 år. Arbeidsstad er Stordal. Stillinga er i hovudsak i skuletida, der du er med for å gjere kvardagen hans lettare ilag med miljøterapeut. Delar av stillinga blir i habiliteringstenesta.
Er du på utkik etter ein variert og kjekk kvardag? Ser du på deg sjølv som ein omsorgsfull, initiativrik og leiken person?
Vi ser etter deg som er ansvarleg, empatisk, tålmodig, punktleg, open og god på kommunikasjon. Er du i tillegg lærevillig, kreativ, har glimt i auget og er glad i aktivitet, kan det vere akkurat DEG vi ser etter! Helsefagleg bakgrunn vil vere eit pluss.
Du vil få god opplæring i alt du treng å vete. Ikkje nøl med å sende ein søknad eller ta kontakt med oss for meir informasjon!
Oppstart: Snarast
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere stell og personleg pleie, påkledning, mating, følge på skule, bruk av kommunikasjonshjelpemiddel, vise omsorg og ta ansvar. På dagar der han ikkje er i form til å gå på skule gje oppfølging i heimen. Stillinga inneber ingen arbeid på helg.KvalifikasjonarBeherske godt norsk skriftleg og munnleg
Erfaring og interesse for arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne
- gjerne helsefagleg bakgrunn
Politiattest av ny dato blir krevd framlagt
Personar som utdannar seg oppfordrast til å søkje på stillinga
Bilsertifikat klasse B
Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar som beskreve over vert vektlagt
Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig
Er serviceinnstilt
Vi tilbyrTilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
God opplæring
God pensjonsordningi KLP
Løn etter gjeldande avtaleverk
Tilsett som Assistent/Pleiemedarbeidar om ikkje anna vert avklart
KontaktinformasjonAnna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, 41867990
ArbeidsstadStordalsvegen 669
6250 Stordal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Referansenr.: 5201842473
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.