Vil du vere med på å drifte og utvikle sjukehuset sitt tekniske system?
Teknisk Haugesund sjukehus
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 16. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du serviceteknikaren eller mekanikaren som vil bidra til at sjukehuset fungerer optimalt – kvar dag? Les vidare og bli betre kjend med oss!
Som serviceteknikar eller mekanikar hos oss vil du få ansvar for eit breitt spekter av tekniske installasjonar som sørgjer for at sjukehuset fungerer optimalt – kvar dag, heile året. Me handterer alt frå heisar, ventilasjon og sanitæranlegg til spesialtilpassa sjukehusutstyr. Arbeidet vårt er avgjerande for tryggleik, effektivitet og kvalitet i helsetenestene våre.
Her blir du ein del av eit miljø der praktisk erfaring, teknisk kompetanse og lagarbeid går hand i hand.
Hos oss vil du ikkje berre jobbe med teknologi – du vil vere med på å halde hjartet i sjukehuset i gang. Me ser etter deg som likar å løyse utfordringar, som finn meistring i å halde viktige system i drift, og som ønsker å bidra med kunnskapen din i eit miljø der innsatsen di blir lagt merke til.
👉 Kjenner du at dette kan vere rett stad for deg? Då håpar me du søkjer – me gleder oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?Befaring og preventivt kontroll av installasjoner.
Følge opp krav frå leverandørar og gjeldande regelverk.
Feilsøke og utbetre feil på utstyr og tekniske system.
Utføre drift og vedlikehald av mekanisk utstyr og anlegg.
Bestille service og følge opp avvik frå servicerapportar.
Samarbeide med andre faggrupper ved behov.
Delta i etablert heimevaktordning.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha:
relevant utdanning som mekanikar/automasjonsmekanikar, eller innan andre relevante fagområde
erfaring med installasjon eller drift og vedlikehold av lignende installasjoner
gode digitale ferdigheiter
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Det er ein fordel om du har:
Kjennskap til ulike alarm og overvåkingssystemer (SD anlegg).
Erfaring med bruk av programmer for handtering av FDV dokumentasjon.
Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som:
er motivert, har stor interesse for faget og ønskjer å utvikle deg vidare
jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre
viser arbeidsglede og tek initiativ
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og gode haldningar.
Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like.
Du blir ein del av eit positivt og inkluderande miljø som legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og meistring.
Me tilbyr utfordrande oppgåver der du får bruke og vidareutvikle kompetansen din i eit av dei viktigaste tekniske støtteapparata ved sjukehuset.
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSokol Kastrati, Funksjonsleiar, +47 41863512, sokkas@ihelse.net
Harald Lunde, Avdelingsleiar, +4741336655, harlun@ihelse.net
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5192563283
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.