Vernepleiar eller sjukepleiar
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
- Arbeidssted
- GLOPPEN, SANDANE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med på å skape gode og meiningsfulle kvardagar?
Vi har ledig 100 % fast stilling for vernepleiar eller sjukepleiar. Stillinga er knytt til Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen), som tilbyr avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim.
Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Som vernepleiar eller sjukepleiar vil du arbeide tett på brukarane, samstundes som du har eit særleg ansvar for helseoppfølging, legemiddelhandtering og fagleg oppfølging av tenestene. Vi søkjer deg som ser heile mennesket, er løysingsorientert og ønskjer å bidra til trygge, gode og meiningsfulle kvardagar gjennom fagleg gode og individuelt tilpassa tenester.
Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt med oss!
Tilredning 01.11.26 eller etter avtale.
Vi tilbyrEin meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
Ein årsturnus med langvakter på 12,5-14 timar og arbeid i gjennomsnitt kvar fjerde helg. Turnusen gir ein komprimert arbeidskvardag med lengre samanhengande friperiodar mellom arbeidsperiodane. Det er per tid også behov for dagvakter vekedagar dersom dette er ønskelig.
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Tillegg på kr 500 pr. vakt med langvakter laurdag og søndag.
ArbeidsoppgåverOppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:
Oppfølging av tenestemottakarar gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av individuelle tiltak
Pleie- og omsorgsoppgåver, prosedyrer, helseoppfølging, miljøarbeid og legemiddelhandtering
Observasjon, dokumentasjon og faglege vurderingar
Tverrfagleg samarbeid med pårørande og relevante samarbeidspartnarar
KvalifikasjonarAutorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem
Ønska kompetanse og erfaring:
Førarkort klasse B.
Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming eller omfattande bistandsbehov
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad. For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Vi ser etter deg somser heile mennesket og møter andre med respekt og omsorg
er trygg, ansvarsbevisst og løysingsorientert
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
KontaktinformasjonJulie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, 479 93 050, julie.lothe@gloppen.kommune.no
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159, kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no
ArbeidsstadGrandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5181581701
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.