Opplæringskoordinator
Nav Region Sunnfjord
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 2. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vår noverande opplæringskoordinator hoppar straks inn i nye arbeidsoppgåver i Nav og etterlet seg difor ein spennande jobb!
Kan det vere at akkurat DU har lyst til å gi fleire moglegheita til utdanning, kvalifisering og arbeid?
Nav region Sunnfjord dekker kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Regionen består av ca 100 tilsette - alle veldig klar for å ynskje deg velkomen til eit godt arbeidsmiljø og høve til å påverke opplærings- og kvalifiseringstilbod i fylket. Litt meir spesifikt vil du ha arbeidsplass på regionkontoret Nav Sunnfjord og Ytre Sogn. Sjølv om fleire av oss er mykje på farta der "det skjer" har vi kontorplassen vår på Sunnfjord rådhus. Ikkje berre har vi kjekke, engasjerte og dyktige fagfolk på kontoret, du vil også møte ein fleksibel arbeidsplass kor du både kan nytte trening i arbeidstida, bli kjent med heile gamle Sogn og Fjordane og ikkje minst legge opp din eigen arbeidsdag.
Vi søkjer med dette ein engasjert opplæringskoordinator som vil vere med på å styrkje samarbeidet mellom Nav, utdanningssektoren og arbeidslivet. Målet er at fleire skal få den kompetansen arbeidsmarknaden etterspør, og at fleire skal få moglegheit til å fullføre utdanning og kome i arbeid.
Dette er ei stilling for deg som trivst i skjeringspunktet mellom menneske, kompetanseutvikling og arbeidsliv. Rolla kombinerer samarbeid, utviklingsarbeid og nettverksbygging, og gir høve til å påverke korleis Nav kan bidra til at fleire lykkast med utdanning og kvalifisering. Som opplæringskoordinator blir du ein sentral ressurs for Nav-kontora i regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Du vil arbeide tett med kollegaer i Nav, fylkeskommunen, utdanningsaktørar og arbeidsgjevarar for å utvikle gode opplæringstiltak og kvalifiseringsløp som møter behova til både brukarane og arbeidslivet. Du blir ein viktig del av fagmiljøet for opplæringskoordinatorar i Nav Vestland, der samarbeid, erfaringsdeling og felles utviklingsarbeid står sentralt. Fagmiljøet i Vestland består av fire opplæringskoordinatorar som saman jobbar opp mot alle regionar i fylket.
Kva går jobben ut på? Kva går jobben faktisk ut på?
vere vår ressursperson på kvalifiseringstilbodet og dei ulike moglegheitene innan fag- og yrkesopplæring
samarbeide tett med Nav-kontora og bidra til kompetanseutvikling på fagområdet
bidra i, eller leie, prosessar for å utvikle gode opplæringstiltak som møter behova til Nav sine prioriterte målgrupper og arbeidsmarknaden sine kompetansebehov, til dømes FagVeg
følgje opp og forvalte samarbeidsavtalar, tiltak og opplæringsmodellar
følgje opp og styrkje samarbeidet mellom Nav og fylkeskommunen innan opplæring
Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha
fullført utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet, gjerne innan fagområde som opplæring, samfunnsfag, sosialfag, helsefag eller sal/marknadsføring. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
kjennskap til fag- og yrkesopplæring og den lokale arbeidsmarknaden
erfaring med samhandling, nettverksbygging og relasjonsbygging
gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
gode digitale ferdigheiter
Det er ein fordel om du har
erfaring frå utviklings- eller prosjektarbeid
kjennskap til Nav, fylkeskommunen eller andre aktørar innan utdanning og kvalifisering
erfaring med formidling, opplæring eller fasilitering av grupper
Kven er du?du trivst med høg aktivitet og samhandling med ulike aktørar
du har god relasjonskompetanse
du er initiativrik og løysingsorientert, med evne til å tenkje på tvers av etablerte strukturar
Kvifor velje oss? ei meiningsfull stilling der du kan gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
stillinga vert plassert i stillingskode 1364, med lønnsspenn frå kr. 694 000 til kr. 745 000 pr år. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgjevar
KontaktinformasjonMagne Berg, Regionleiar, 99241911, magne.kjetil.berg@nav.no
Bente Senneset Skilbrei, Avdelingsleiar, 95701358, bente.senneset.skilbrei@nav.no
ArbeidsstedHafstadvegen 42
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5192601168
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 02.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.