Er du vår nye einingsleiar i Bu- og miljøtenesta? Vi har ledig stilling som
Askvoll kommune Helse og omsorg
- Arbeidssted
- ASKVOLL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 26. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi ser etter einleiar som kan inspirere, motivere og leie med kunnskap og empati. Er du klar for å ta utfordringa?
Helse- og omsorgsetaten søkjer etter einingsleiar til Bu- og miljøtenesta i Askvoll kommune. Dette er ei administrativ 100% fast stilling frå snarast, og vi søkjer etter deg som ynskjer å vere med å utvikle gode tenester i eit hektisk miljø.
Bu- og miljøtenesta har blant anna ansvar for aktivitetstilbod, butilbod i omsorgsbustader, tiltak i heim, BPA, omsorgsstønad, støttekontakt, avlastningstilbod. Vi er i ferd med å sjå på andre måtar å organisere tenesta på, og du vil vere ein naturleg bidragsytar og pådrivar i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver:
Ansvar for dagleg drift
Personal- , økonomi- og fagansvar i samsvar med oppsette mål og rammer
Samhandling med tenestemottakarar og deira pårørande
Samarbeid og samhandling med andre internt og eksternt
Vidareutvikling av tenestene
Årsturnus
Internkontroll
Kvalifikasjonar:
Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, fortrinnsvis vernepleiar. Anna relevant utdanning på bachelor eller masternivå kan bli vurdert.
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan leiing og administrasjon samt leiarerfaring
Personlege eigenskapar:
Er tydeleg og har evne til å leie andre
Har god kommunikasjons- og samhandlingsevne
Har ei løysningsorientert innstilling
Godt humør og positiv innstilling
Vi tilbyr:
Sjølvstendig stilling
Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
Offentleg forsikring og pernsjonsordning (KLP)
Løn etter avtale
Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.