Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Dagleg leiar Øystre Slidre Frivilligsentral

Øystre Slidre kommune

Arbeidssted
ØYSTRE SLIDRE, HEGGENES, INNLANDET
Publisert
Søknadsfrist
4. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Øystre Slidre kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar i 70 % fast stilling frå 1. januar 2027 til Frivilligsentralen. Stillinga vert lyst ut fordi vår daglege leiar går av med pensjon etter mange år i tenesta. Vil du vere ein pådrivar for fellesskap og frivillig engasjement? Då kan dette vere stillinga for deg. Vi ser etter ein person som ønskjer å skape møteplassar, inspirere andre til å bidra og utvikle aktivitetar for menneske i alle aldrar. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med stort handlingsrom og gode moglegheiter til å setje ditt preg på arbeidet. Frivilligsentralen er ein open møteplass for alle innbyggjarar og ein viktig samarbeidspartnar for lag, foreiningar, frivillige og kommunen. Gjennom samarbeid, samskaping og frivillig innsats bidreg sentralen til fellesskap, aktivitet og inkludering i lokalsamfunnet. Frivilligsentralen skal stimulere til frivillig engasjement og vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor. Øystre Slidre Frivilligsentral er eigd av Øystre Slidre kommune og organisert under kulturavdelinga, der tenesteleiar for kultur er næraste leiar. Verksemda skal drivast i samsvar med forskrift om tilskot til frivilligsentralar og sentralen sine eigne vedtekter. Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å leggje til rette for eit levande og inkluderande lokalsamfunn. Du vil vidareutvikle sentralen sitt arbeid i tett samarbeid med frivillige, organisasjonar, kommunen og andre samarbeidspartnarar. Dagleg leiar arbeider saman med ein medarbeidar i 30 % stilling og med Samhandingsrådet for Frivilligsentralen. Frivilligsentralen disponerer eigne lokale og har tilgang til kommunen sine kulturbygg og arenaer for aktivitetar og tilbod. Sentralen driv også eigen utstyrssentral med utlån av aktivitetsutstyr, og ei bruktbu med sal av brukte klede og utstyr. ArbeidsoppgåverLeie og vidareutvikle Øystre Slidre Frivilligsentral Rekruttere, motivere og følgje opp tilsette og frivillige Samarbeide med lag, foreiningar, næringsliv, kommunen og andre aktørar Leggje til rette for nye frivillige initiativ og prosjekt Informasjons- og kommunikasjonsarbeid Skape møteplassar og aktivitetar som fremjar deltaking, inkludering og fellesskap Budsjettoppfølging, rapportering og søknadsarbeid Saksførebuing og oppfølging av rådgjevande organ/styre Drift og utvikling av Utstyrssentralen og bruktbua Hovudansvar for drift og oppdatering av Foreningsportalen KvalifikasjonarDet er ynskjeleg med:  Relevant utdanning eller erfaring innafor prosjekt- og prosessleiing, administrasjon, frivilligheit og/eller organisasjonsarbeid. God digital kompetanse God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Førarkort klasse B Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Personlege eigenskaparVi søkjer deg som: Er glad i å arbeide med menneske og nettverk Er initiativrik, sjølvstendig og strukturert Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Klarer å omsetje idear til praktisk handling Har interesse for frivillig arbeid og lokalsamfunnsutvikling Er fleksibel og løysingsorientert Vi tilbyrEi meiningsfull stilling med stor grad av sjølvstende Moglegheit til å påverke utviklinga av frivilligheita i kommunen Eit breitt nettverk av frivillige, lag og organisasjonar Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Noko kvelds- og ettermiddagsarbeid må påreknast. KontaktinformasjonØystein Skattebu, Tenesteleiar kultur, +47 41222840, oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5179088761 Stillingsprosent: 70% Fast Søknadsfrist: 04.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.