Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Ultralyd jordmor

FØDE, BARSEL OG GYN. POL. VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
4. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har ledig 100 % vikariat som jordmor med ultralydkompetanse, med moglegheit for fast tilsetjing. 30 % av stillinga er tiltenkt ordinært arbeid som jordmor i avdelinga. Dette er ei spennande og allsidig stilling. Jordmor vil i houvdsak utføre sjølvstendige ultralydundersøkingar med 1. trimester-UL, rutine-UL i 2. trimester og seinare kontrollar av vekst, placenta, doppler etc. Vi har legar med ultralydkomptentanse, som ein vil samarbeide med ved behov. Legar utfører også nokon av dei rutinemessige ultralydane. UL-poliklinikken er lokalisert inne på fødeavdelinga.  Avdelinga vår gir tilbod til gravide, fødande, barselkvinner og gynekologiske pasientar i vårt distrikt.  Seksjonen vår har omlag 450-500 fødslar årleg. Vi selekterer kvinner til fødsel hos oss utifrå gitte kriterier, og samarbeider tett med seksjonen i Ålesund.  Dersom søker har behov for særskilt tilrettelegging mtp. bustad, reise og arbeidstider ønsker vi å gå i dialog vedrørande dette. Vi er også opne for redusert stillingsbrøk ifht utlysinga. ArbeidsoppgåverArbeid ved ultralydpoliklinikken, med tilbod til gravide om rutinemessig ultralydundersoking. Tidleg ultralyd (veke 11+0-13+6) og ordinær ultralyd (veke 17-19) Pr. d.d. er omlag  30% av stillinga i ordinært arbeid som jordmor ved seksjonen, inkluderer arbeid kvar 3.helg Du vil medverke til å utvikle fagområdet ved sjukehuset KvalifikasjonarOffentleg godkjent Jordmor, med eittårig ultralydutdanning ved NTNU Trondheim Eller annan tilsvarande utdanning, gjerne med tilleggsutdanning i doppler Personlege eigenskaparDu er fagleg interessert og dyktig Du har engasjement for kvinnehelse, med særleg vekt på svangerskap og ultralyd Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner Du trivst med ein aktiv og arbeidskrevande kvardag Du vil medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vaktlagt ved tilsetting. Vi tilbyrEin triveleg arbeidsplass, med mange stabile og gode kollaga Ein leiar som er oppteken av at du skal lukkast, legg til rette for kontakt med fagmiljøet, også utanfor klinikken Ein arbeidsplass der ein får kontinuitet i oppfølging av kvinner gjennom svangerskap, fødsel og barsel  Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.  KontaktinformasjonHeide Rinn Grimstad, Seksjonsleiar, 70058348, heide.rinn.grimstad@helse-mr.no ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5178331355 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 04.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.