Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Bibliotekkonsulent - 100% fast stilling

Kultur, Sykkylven kommune

Arbeidssted
SYKKYLVEN, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vår kjære kollega gjennom mange år pensjonerer seg og Sykkylven bibliotek har difor behov for ein ny bibliotekkonsulent i 100% fast stilling frå november. Biblioteket er sentralt plassert i Aure sentrum i Sykkylven. Lokala sto ferdig i 2023 og er tilpassa moderne bibliotekdrift. Arbeidsdagane er varierte, med fleire ulike arbeidsoppgåver. Arbeidstidene er hovudsakleg faste, men kan variere ved arrangement. ArbeidsoppgåverPublikumsbetening i skranken Formidling og utstillingar Administrative oppgåver Oppgåver knytt til utstyrssentral Behandling av bokbestand Ansvar for lokalhistorisk samling Fakturering og erstatningskrav Handtering og opplæring i digitale bibliotekverktøy Andre oppgåver vil kunne leggjast til stillinga KvalifikasjonarRelevant erfaring frå biblioteksektoren Gjerne erfaring med biblioteksystemet Cicero God munnleg og skriftleg framstillingsevne Gode digitale kunnskapar Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Du må kunne nytte nynorsk Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg Personlege eigenskaparTrivs med formidling både fysisk og digitalt Ha gjennomføringsevne og vere "sjølvgåande" Like å møte og gi service til bibliotekbrukarar i alle aldersgrupper Takle både kreative aktivitetar og rutinearbeid Utadvent, omgjengeleg og serviceinnstilt Initiativrik, nøyaktig og fleksibel Vi tilbyrEin framtidsretta arbeidsplass med spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Mogelegheit til å bidra til å løyse kommuna sitt viktige samfunnsoppdrag Lønn etter kommunalt regulativ God pensjonsordning gjennom KLP Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.  KontaktinformasjonHelen Seth, Biblioteksjef, 46940185, helen.seth@sykkylven.kommune.no Halstein Kurseth, Kultursjef, 41605528, halstein.kurseth@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadPilgata 10 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5177089755 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 02.11.2026 Søknadsfrist: 27.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.