Lege i spesialisering onkologi
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Onkologi - eit spennande fagfelt i stor utvikling!
I seksjon for kreft legar Ålesund har vi frå 01.01.27 ledig 2 faste stillingar for LIS 2/3. Ved intern rokkering kan andre stillingar bli ledige.
Hos oss får du ein detaljert plan for dei første vekene dine som nytilsett, etter mal utarbeida av våre dyktige LIS-legar med fadderansvar. Her blir du med andre ord tatt godt og ryddig i mot!
Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består mellom anna av;
Fylkesdekkande sengepost og stråleterapieining i Ålesund
Palliative team, poliklinikkar, Pusterom Ålesund/SNR/Volda
Vardesenter i Ålesund med satelittar på dei andre sjukehusa
Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt med tanke på nye behandlingsmetodar. Faget gir gode høve for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.
Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.
ArbeidsoppgåverVekslar mellom polikliniske konsultasjonar og sengepost
Vurdering av tilvisningar
Deltaking på MDT-møter
Vurdering av stråleterapi etter kvalifikasjon
Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund avhengig av kompetansenivå
Deltaking i kliniske studier
KvalifikasjonarMedisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i Norge
Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gamal ordning
Du har gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet
Personlege eigenskaparDu har gode samarbeidsevner
Du trivast i eit aktivt og framoverlent miljø
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
Du er ansvarsbevisst
Du deler gjerne kunnskap med andre
Du har gode kommunikasjonsevner
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Eit sterkt fagmiljø i eit fag som er i rivande utvikling
Gode høve til utvikling av fagleg og kommunikativ kompetanse
Ei fin vaktordning med p.t. 8-delt primærvakt som du kan verte delaktig i, avhengig av kompetansenivå
"Velkommen til oss - fadderordning av og for LIS"
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonSynnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, 90140721, Synnove.Haram.Rotnes@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 15
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5201218988
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.