Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Rådgivar opplæring i bedrift

Opplæring i bedrift, Møre og Romsdal fylkeskommune

Arbeidssted
MOLDE, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bidra til å utvikle morgondagens fagarbeidarar? Vi ser etter deg som liker å bygge gode relasjonar, ser moglegheiter og skaper smarte løysingar i samarbeid med andre Hos oss får du ei meiningsfull stilling med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø og eit viktig samfunnsoppdrag, der du bidreg til at ungdom og vaksne fullfører fagopplæringa si og lykkast i arbeidslivet. Gjennom arbeidet er du med på å sikre næringsliv og offentlege verksemder den kompetansen dei treng, både i dag og i framtida. ArbeidsoppgåverFagopplæringssystemet er i endring der fullføringsreformen og store statlege satsingar på yrkesfag vil gi ei spennande utvikling framover. Vi treng deg som ser nye moglegheiter og utviklar arbeidsmåtar som styrker evna vår til å løyse samfunnsoppdraget vårt. Du vil arbeide med å vidareutvikle nettverk og samarbeid med skole og arbeidsliv, slik at du kan hjelpe oss med å bidra til at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. Ein viktig del av dette er å rettleie lærlingar, lærebedrifter og prøvenemnder, både i saksbehandling av enkeltsaker og i gjennomføring av kurs og samlingar. Oppgåvene i stillinga kan bli endra. KvalifikasjonarVi søkar deg som har høgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad eller høgare yrkesfagleg utdanning med relevant erfaring kan vurderast, men da til stillingstype spesialkonsulent og konsulent.  relevant erfaring, helst frå vidaregåande opplæring og/eller frå næringslivet i Møre og Romsdal gjerne erfaring frå prosessarbeid eller prosjektutvikling god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk Personlege eigenskaparVi vil også legge stor vekt på at du er god på å kommunisere og skape relasjonar kan samarbeide for å oppnå resultat kan ta i bruk nye metodar og drive prosessar framover tek initiativ og arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta er komfortabel med å representere eksternt og halde presentasjonar/foredrag Vi tilbyrOpplæring i bedrift har det overordna administrative ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda. Vi kan tilby deg meiningsfullt arbeid, der du får bidra til at fleire ungdommar og vaksne får fullført utdanning på ein god måte. Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling. Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale. Kontorstad er i Molde.  KontaktinformasjonMålfrid Nesje, Seksjonsleiar opplæring i bedrift , 90640200, malfrid.nesje@mrfylke.no Hilde Aspås, Næringssjef, 97715135, hilde.aspaas@mrfylke.no ArbeidsstadJulsundvegen 9 6412 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5182409633 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.