Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

ID 2486 Sjukepleiarar helgestilling - Sunnhordland interkommunale legevakt

Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og døgnavdeling IDA

Arbeidssted
STORD, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er eit selskap som driftar legevakt og døgnavdeling for Stord, Bømlo og Fitjar kommune. Det er ledig to faste helgestillingar på inntil 15--20 % ved Sunnhordland interkommunale legevakt for autoriserte sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar eller paramedisinarar. Stillingane inngår for tida i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Det er mogleg å tilpasse helgearbeidet ved bruk av langvakter kvar fjerde helg. Søkjer du ein interessant jobb med spennande utfordringar der du får nytta erfaringa og kompetansen din? Då kan du vere rett person for oss. Du får grundig opplæring og oppfølging som ny hos oss. Sunnhordland interkommunale legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å levere tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er den viktigaste ressursen for å nå dette målet. Vår kultur og personalpolitikk er basert på å fremje personleg utvikling, ansvarskjensle og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidaren. SIL dekkjer eit legevaktområde for om lag 35 000 innbyggjarar, og er i tillegg legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommune. All kontakt på legevakta blir vurdert av sjukepleiar etter hastegrad, og i avdelinga har ein både laboratorieverksemd og utfører medisinske og kirurgiske prosedyrar. Stillingens innhold, ansvar og oppgaver: Operatør på legevaktssentralen, herunder triagering, faglig rådgiving og informasjon til pasienter. Samarbeid med lege om prioritering, behandling og organisering av pasientbehandlingen. Kliniske undersøkelser og observasjoner basert på systematisk bruk av relevante varktøy. Utføre ulike kliniske og medisinske prosedyrer. Laboratoriearbeid. Samarbeid med sykehusene, AMK, ambulanse, politi, brann, Systematisk kommunikasjon ved bruk av ISBAR. Journalførings - og regnskapsarbeid. Bruk av nødnett-radioterminaler og LifeX. Annet praktisk arbeid. Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar: Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller autorisert paramedisiner Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team. Evne til å meistre eit høgt arbeidspress. Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit. Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Har gode datakunnskaper. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Me tilbyr: Løn etter tariffavtale Grundig opplæring Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga. Kurs i akuttmedisin og volds- og overgrepshandsaming Ei heilt ny avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar. Internundervisning Offentleg tenestpensjonsordning gjennom KLP Bedriftshelseteneste Medlemskap i Stord ve og vel Ved ytterlegare spørsmål og interesse for stillingane, ta kontakt med Dagleg leiar: Agata Kapuscinska på telefon 40729263 eller send e-post til agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.