Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du være vår nye kollega ved Alderspsykiatri Sunnmøre?
Vi har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/spesialsjukeplaier i døgnposten vår. Oppstart frå snarast. For tida todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg.
Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri. Avdeling for sjukehuspykiatri består av:
Psykose sengepost Sunnmøre
Akutt psykisk helse Sunnmøre
Alderpsykiatri Sunnmøre
Allmennpsykiatri Sunnmøre
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre
Spesialisert habilitering
Alderspsykiatri Sunnmøre består av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 sengar. Arbeidsstad vil vere ved døgnpost.
Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spesial ergoterapeut, geriatrisk og psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling, og har eit høgt fagleg fokus. Poliklinikken tek imot pasientar i eigne lokale eller ved besøk heime eller på institusjon.
Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstander med nevropsykiatriske symptom (NPS).
Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk samt andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
ArbeidsoppgåverArbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientane
Til ei kvar tid halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
Fylje seksjonen sine kompetansehevingstiltak, delta aktivt i seksjonen si utvikling
Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
Dokumentasjon
Medikamenthandtering - ha medisinansvar
Gi rettleiinng og opplæring til nye kollega
Pasientnært arbeid
Delta i obligatorisk opplæring og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) for trygg handtering av utfordrande situasjonar
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Ønskeleg med vidareutdanning innan psykiatri eller geriatri
Meistre norsk skriftleg og munnleg
God digital kompetanse - gjerne kjennskap til Helseplattformen
Personlege eigenskaparDu har evne til å arbeide i tverrfaglege team
Du har gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
Du kan arbeide sjølvstendig
Du tek initiativ, og er trygg i rolla som sjukepleiar
Du er løysingsorientert, nytenkande og fleksibel
Du er medverkar til eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Du er omstillingsdyktig
Du har stor arbeidskapasitet - fysisk og psykisk egna til stillinga
Du er ein relasjonsbyggar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Arbeidskle
Fagleg utvikling - fagdagar
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonPamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5204822896
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 01.06.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.