Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Strategisk innkjøpar - Leikanger

ORO-IN - Strategisk innkjøp, Vestland fylkeskommune

Arbeidssted
SOGNDAL, LEIKANGER, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vestland fylkeskommune er mellom dei største offentlege oppdragsgjevarane i regionen, og søkjer strategisk innkjøpar til innkjøpsseksjonen. Kontorstad for denne stillinga er Leikanger. Innkjøpsseksjonen har ansvar for samordning, oppfølging og utvikling av innkjøpsområdet i fylkeskommunen. I tillegg har seksjonen ansvar for tilrettelegging og bruk av IKT-verktøy i samband med innkjøpsverksemda. Seksjonen har totalt 21 medarbeidarar og er organisert i ei eining for operativt innkjøp, ei for strategisk innkjøp og ei for avtaleforvaltning. 16 av medarbeidarane har kontorplass i Vestlandshuset i Bergen sentrum og 5 har kontorplass i Leikanger, ein liten halvtime frå Sogndal med bil eller buss.     ArbeidsoppgåverTil den ledige stillinga som strategisk innkjøpar søkjer vi deg som ønskjer å bidra til effektiv bruk av samfunnet sine ressursar gjennom å leie og kvalitetssikre innkjøpsprosjekt og -prosessar i samsvar med regelverket for offentlege anskaffingar. Dette omfattar å kartlegge marknaden og behova saman med brukarar/interessentar i Vestland, utarbeide konkurransegrunnlag og kontraktsforslag, analysere tilboda som kjem inn, gjennomføre forhandlingar, dokumentere tilrådd løysing, ferdigstille kontraktar og systematisk overføre dei til faggruppe avtaleoppfølging. Som tilsett i innkjøpsseksjonen vil du i det daglege arbeide operativt innafor innkjøpsområdet og vil i tillegg gje innkjøpsfagleg støtte og rettleie kollegaer i både eiga eining og i andre delar av fylkeskommunen. KvalifikasjonarVi søkjer deg som har jobberfaring frå innkjøp eller prosjektleiing, gjerne i offentleg sektor. Vi vil vurdere innkomne søknader og kan også tilsette nyutdanna.   Vestland fylkeskommune har ein politisk vedteken innkjøpsstrategi der m.a. seriøst og ansvarleg arbeidsliv, miljøvennlege og berekraftige innkjøp, bruk av forhandlingar og balanserte standardavtalar og kunnskap om personvern vert sett på som viktige element. Erfaring frå eitt eller fleire av desse områda vert sett på som positivt. Ønskeleg med utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule innan rettsvitskap. Utdanning i økonomi eller samfunnsvitskap på masternivå kan og vurderast. Personlege eigenskaparDu kjenner deg igjen i verdiane våre - kompetent, open og modig. Du er kjenneteikna ved: Kommersiell teft. Gode samarbeidsevner. Analytiske og strategiske evner. God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Høg etisk standard. Evne til å arbeide sjølvstendig.   Vi tilbyrHos oss får du: Eit godt og utfordrande fagleg miljø med høgt tempo. Fagleg dyktige kollegaer med stort engasjement for faget og arbeidsplassen sin. Varierte arbeidsdagar med ulike oppgåver og utfordringar. Moglegheit for heimekontor inntil 2 dagar i veka. Kontorplass i rehabilitert fylkesbygg i Leikanger. Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsvilkår i tillegg til konkurransedyktig løn. KontaktinformasjonSturla Alvheim, leiar, 92489670 ArbeidsstadAskedalen 2 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5177317554 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.