Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Har du auge for farge og stil?

Fargerike Tvilde

Arbeidssted
VOSS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
Snarest
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Annet
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Har du auge for farge og stil? Fargerike treng deg! Om du er over snittet interessert i oppussing, maling, tapet og golv. Er blid, serviceinnstilt og løysingsorientert, då vil me ha deg med på laget. Deltid eller heiltidsjobb Dette er den perfekte deltidsjobben for ein som vil jobba ettermiddag og laurdagar, gjerne ungdom eller skuleelev. Om den rette personen dukkar opp, er det også moglegheiter for 100 % stilling. Me tilbyr ein fargerik kvardag i butikken vår, saman med kjekke kollegaer. Ingen forkunnskapar trengst - me lærer deg opp. Lyst på jobben? Me vil gjerne helsa på deg! Kom innom butikken vår på Tvildemoen for ein uformell prat, eller send ein kort søknad og CV på e-post til post@tvilde.no via "søk på stilling" knappen på denne siden. Søknader blir vurderte fortløpande.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.