Seksjonsleiar lege
Voss Anestesilegar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus
- Arbeidssted
- VOSS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 10. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Kva med å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø og samstundes ha kort avstand til flott natur og moglegheit for mange opplevingar?
DET er det ikkje mange som kan tilby, men me kan, fordi anestesiavdelinga ved Voss sjukehus treng ein ny leiar.
Den dyktige og trivelege seksjonsoverlegen vår skal bli pensjonist. Bra for han, synd for oss, og ei eineståande moglegheit for ein overlege i anestesi med ein leiar i magen! Ei 100 % stilling som seksjonsleiar i Voss anestesilegar kan bli din frå 01.03.2027, eventuelt frå eit nærare avtalt tidspunkt.
Voss sjukehus er lokalsjukehus med traumefunksjon for om lag 31 000 innbyggjarar i Indre Hordaland, og har i tillegg pasientar frå Bergen, indre Sogn og Hardanger. Me har akuttberedskap innan både kirurgi, føde/gynekologi, ortopedi og indremedisin. Her møter du eit oversikteleg sjukehus med korte linjer, tett samarbeid og raske avgjerder - og om lag 400 engasjerte medarbeidarar som jobbar saman for å levere gode tenester. Me har eit inkluderande miljø med rom for både fagleg vekst og fordjupning.
Voss Anestesi legar har stillingsheimlar for 5 fast tilsette overlegar i anestesi, i tillegg til seksjonsoverlege, og for 1 fast tilsett LIS 3. Som seksjonsoverlege i anestesi ved Voss sjukehus får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Du jobbar tett med dyktige kollegaer innan fleire fagområde og får brukt og vidareutvikla brei klinisk kompetanse i eit miljø som vektlegg samarbeid, tryggleik og kvalitet. Breidda i behandlingstilbod gjev deg særleg god erfaring innan avansert handtering av vanskelege luftvegar og ultralydrettleia nerveblokadar. Me har kapasitet til kortare respiratorbehandling og samarbeidar tett med Intensivmedisinsk seksjon ved Haukeland universitetssjukehus når pasientar treng lengre forløp.
Les meir om Voss sjukehus på heimesida.
Vossabygda har mykje å by på i tillegg til vår gode arbeidsplass. Tilgang til mange ulike fritidsaktivitetar og eit variert kulturtilbod finn du berre nokre steinkast frå sjukehuset.
Så løp og søk!
ArbeidsoppgåverArbeide tett saman med direktør og dei øvrige seksjonsleiarane
Vere arbeidsgjevarrepresentant og balansere dette klokt mot dine kollegaer
Personal- og budsjettansvar, og ansvar for økonomi, fag, kompetanse og fagleg utvikling i din seksjon
Overordna ansvar for pasientbehandling i din seksjon
Delta i avdelinga si vaktordning
Inngå som viktig aktør i mellom anna traumeteam og hjertestansteam
Ansvar for disponering og bruk av intensivmedisinsk kapasitet, inkludert kortvarig respiratorbehandling
Delta ved nyføddresucitering og behandling av dårlege born
Behandling og oppfølging av pasientar på Intensiv i samarbeid med relevante fagområde
Rettleiing og undervisning av LIS3
Internundervisning
KvalifikasjonarDu har norsk spesialistgodkjenning i anestesiologi.
Du har solid erfaring innan anestesi, intensivbehandling, traumatologi og obstetrikk. Seksjonen legg til rette for nødvendig fagleg oppdatering eller ytterlegare opplæring ved behov
Du held deg fagleg oppdatert, har god prosedyrekunnskap og gjennomfører praktiske prosedyrar i tråd med oppdaterte retningsliner
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå
Det blir lagt vekt på formell vidareutdanning og ei aktiv haldning til å tileigne seg ny og moderne kompetanse
Personlege eigenskaparDu ser verdien av både høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø
Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
Du trivs i skjæringspunktet mellom klinikk, leiing og utviklingsarbeid
Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo og krevande situasjonar
Du trivst med å arbeide klinisk med anestesi både på dagtid og på vakttid
Ønskjeleg at du bur på Voss over tid
Vi tilbyrFagleg og kollegialt godt miljø
Variert arbeidsplass som gir moglegheit til å utvikle eigen kompetanse
6-delt vaktordning
Individuell tilpassing av arbeidsplan ved behov
Hjelp med å finne bustad/hybel
KontaktinformasjonBirger Norderud Lærum, Direktør, +47 56533763
ArbeidsstadSjukehusvegen 15
5704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5187283173
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.