Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Assistent kjøkken

Vaksdal kommune

Arbeidssted
VAKSDAL, DALEKVAM, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
2. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaVaksdal Kommune søker no ein assistent som kan hjelpe til på kjøkkenet på Ressurssenteret kvar 3. helg - dagtid.  Ressurssenteret heldt til i to av etasjane på Vaksdal sjukeheim.  2. etasje har 15 langtidsplassar for personar med demens fordelt på 2 avdelingar.  3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 15 pasientar fordelt på to avdelingar Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Vi har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb. ArbeidsoppgaverLage og klargjere måltid Handtere allergen og spesialkost Oppvask (maskin og manuelt) Reingjere kjøkken, utstyr og arbeidsflater Kontrollere temperatur, datomerking og lagring Handtere avfall og kjeldesortere KvalifikasjonskravNorskferdigheiter– du må kunne forstå og følge rutiner, og ofte kommunisere med pleiepersonell. Fysisk kapasitet – noko løft, ståing og tempo kan førekomme. Ønskeleg kompetanse Kurs i hygiene og mattryggleik. Kjennskap til arbeid i helse- og omsorgssektoren. Erfaring frå storkjøkken, kantine, institusjonskjøkken. Kunnskap om ernæring. Personlege egenskaparSamarbeidsevne og serviceinnstilling – tett samarbeid med helsepersonell. God personleg hygiene og rutiner for smittevern. Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode. Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter. Du kommuniserer godt og kan samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv. Er påliteleg og stabil. Personlege eigenskaper vil bli vektlagte. Vaksdal kommune tilbyrLøn i tråd med tariff og lokale kompetansetillegg. Gode moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning. Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø  Individuell oppfølging
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.