System- og applikasjonsforvaltar
IKT Systemdrift, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- SOGNDAL, LEIKANGER, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du jobbe tett på sentrale digitale system – og vere med på å sikre at dei fungerer når det verkeleg gjeld?
Vestland fylkeskommune har eit stort og variert IKT-miljø med digitale tenester som kvar dag skal fungere for over 32 000 brukarar. No ser vi etter ein system- og applikasjonsforvaltar som vil vere med og sikre stabile, trygge og framtidsretta løysingar for heile fylkeskommunen.
Ei viktig oppgåve blir også å bidra i fylkeskommunen si kontrolltelling ved stortings- og fylkestingsval, der du får eit ansvar inn i koordinering av tekniske løysingar som klientar, skannarar, nettverk, brannmur, brukarar etc., med høgt fokus på IKT-sikkerheit.
Seksjon IKT har ansvar for all IKT i Vestland fylkeskommune. Vi er om lag 80 medarbeidarar og rundt 40 lærlingar, og arbeider tett saman på tvers av faggrupper og fagteam for å sikre robuste, trygge og framtidsretta løysingar for om våre brukarar.
Du treng ikkje kunne alt. Dersom noko av det vi skildrar treff deg, og du har lyst til å lære og utvikle deg vidare, vil vi gjerne høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverSom system- og applikasjonsforvaltar vil du mellom anna:
jobbe tett på sentrale system, applikasjonar og fellestenester i samarbeid med leverandørar og produkteigarar
drifte og forvalte sentrale printløysingar
ansvar inn i den tekniske koordineringa av fylkeskommunen si kontrolltelling ved stortings- og fylkestingsval
arbeide med identitets- og brukarforvaltning i eit stort og komplekst miljø, mellom anna med FINT (Felles Fylkeskommunale INTegrasjonar) som integrasjonsnav
bidra i innføring, vidareutvikling og utfasing av system
sjå etter moglegheiter for automatisering og effektivisering
2-linje support ved behov
Arbeidskvardagen vil vere variert, med både dagleg drift og oppgåver knytt til utvikling og forbetring av tenestene våre.
KvalifikasjonarVi ser etter deg som har teknisk forståing, interesse for systemforvaltning og lyst til å ta ansvar for viktige digitale tenester.
Du har:
Fagbrev i IKT-fag eller høgare
Og har gjerne:
erfaring med printløysingar frå større driftsmiljø eller liknande
erfaring med drift og forvaltning av applikasjonar- /systemer både OnPrem og i Skyløsninger.
erfaring med identitets- og brukarhandtering i store miljø
erfaring med automatisering og skripting, til dømes i PowerShell
kjennskap til Infrastructure as Code (IaC), versjonskontroll, CI/CD-pipelines og moderne DevOps-prinsipp
Det er ein fordel om du har erfaring med koordinering av tekniske løysingar i større settinger, der det er høge krav til stabilitet og sikkerheit.
Erfaring med valrelaterte system er interessant, men ikkje eit krav.
Vi forventar ikkje at du kan alt. Det viktigaste er at du har god teknisk forståing, er nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare.
Personlege eigenskaparVi er på jakt etter deg som:
er strukturert og likar å ha oversikt
tek ansvar og følgjer opp oppgåver heilt i mål
er løysingsorientert og ser moglegheiter for forbetring
trivst med å jobbe sjølvstendig, men også godt saman med andre
kommuniserer godt med både tekniske og ikkje-tekniske kollegaer
håndterer stressituasjoner greit og held roen når det oppstår feil eller uventa situasjonar
ønskjer å dele kompetanse og lære av andre
har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tek arbeidet vårt på alvor, men ikkje oss sjølve for høgtideleg. For oss er humor, godt humør og det å ha det kjekt på jobb ein viktig del av kvardagen.
Vi tilbyrHos oss får du:
eit stort og kompetent IKT-miljø med dyktige og engasjerte kollegaer
ei sentral rolle i drift og forvaltning av digitale tenester for over 32 000 brukarar
varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver
moglegheit til å jobbe med både teknologi, drift, forvaltning og utvikling
gode moglegheiter for fagleg utvikling
gode pensjons- og forsikringsordningar
løn etter avtale
fleksibel arbeidstid og heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
arbeidsstad i Leikanger
Vi ønskjer at medarbeidarane våre skal utvikle seg i jobben. Derfor legg vi til rette for intern opplæring, kurs, seminar og kunnskapsdeling på tvers av fagmiljøa.
Seksjon IKT har høg trivsel, og vi legg vekt på både fagleg og sosialt fellesskap. Vi har mellom anna ein eigen Teams-kanal der medarbeidarane kan ta initiativ til sosiale aktivitetar som padeltennis, fjellturar, dart og spelekveldar.
Vi har også årlege samlingar for heile seksjonen, i tillegg til eigne samlingar i faggruppene.
Vil du vere med og sikre at sentrale digitale system fungerer – både i kvardagen og når det verkeleg gjeld? Då gler vi oss til å høyre frå deg!
KontaktinformasjonØyvind Daae Johansen, leiar, 91730197
ArbeidsstadAskedalen 2
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5176195301
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.