Anestesisjukepleiar
Anestesi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vi har ledig to ferievikariat i 75 % stilling som anestesisjukepleiar i perioda 04.01.2027–31.12.2027. Vikariata er knytte til ferieavvikling, sjukefråvær og ulike prosjekt i seksjonen.
Stillingane vil vere tilknytte både Hovudoperasjon og Dagkirurgen. Seksjonen har eit breitt fagleg spekter innan urologi, gastroenterologi, endokrin kirurgi, kar- og thoraxkirurgi, øyre-nase-hals, kjevekirurgi, ortopedi og gynekologi. Vi er ikkje seksjonerte, noko som gir varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Vi deltek i stans-, traume-, MET- og barneteam, og leverer anestesitenester ved mellom anna ECT, gastroseksjonen og MR. Samstundes er vi i gang med planlegginga av ei heilt ny operasjonsavdeling ved Klinikk Ålesund, noko som gir spennande moglegheiter for utvikling og medverknad.
For å sikre effektiv drift og høg fagleg kvalitet bemannar vi operasjonsstuene med 1,5 anestesisjukepleiar per operasjonsstove.
Vikariata er dagstillingar med fri alle helgar og heilagdagar. Det kan vere aktuelt å kombinere stillinga med helgestilling i andre seksjonar for å auke stillingsprosenten.
ArbeidsoppgåverAnestesi til pasientar ved Sentraloperasjon og Dagkirurgisk avdeling Ålesund
Tett samarbeid med ulike profesjonar
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i anestesisjukepleie
Personlege eigenskaparDu viser fagleg interesse og nytenking
Du er strukturert og tek initiativ til eiga utvikling og kompetanseheving i samarbeid med leiinga
Du er fleksibel, sjølvstendig og samarbeidsvilleg
Du har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrGodt arbeidsmiljø og sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
God oppfølging av nytilsette med fadderordning
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonArild Solbakken Hevrøy, Seksjonsleiar, +47 70105474, Arild.Solbakken.Hevroy@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5201254758
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.