Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Barne- og ungdomsarbeidar (vikariat)

Gulen kommune

Arbeidssted
GULEN, EIVINDVIK, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
13. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Kjekt vikariat i Gulen kommuneGulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule (avd. barnehage), har ledig fylgjande:  I inntil 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 12.12.2026 - 22.10.2027.  Hjå oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, der leik, læring og gode opplevingar står i sentrum. Vi brukar naturen og nærområdet aktivt i det pedagogiske arbeidet, og dagsturhytta er ein fast og populær turstad for både små og store. Du vert ein del av eit godt fagmiljø med rom for utvikling, samarbeid og nye idear. Barnehagane i Gulen kommune tilbyr: fokus på fagleg utvikling og erfaringsdeling små og oversiktlege barnehagar, også godt eigna for nyutdanna eit godt arbeidsmiljø rettleiing og støtte i arbeidet nettverkssamarbeid mellom tilsette i barnehagane i kommunen Velkomen som søkjar! ArbeidsoppgåverMedverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd Medansvar for tilbyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn Andre oppgåver som måtte kome til KvalifikasjonskravFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjend utdanning kan verte vurderte Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding Erfaring frå arbeid i barnehage eller med barn og unge er ønskjeleg Interesse for friluftsliv og for å bruke naturen aktivt i det pedagogiske arbeidet er ein fordel Kjennskap til rammeplanen for barnehagen er ønskjeleg Personlege eigenskapar Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna Fleksibel og har gode samarbeidsevner Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.