Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar

KIRURGISK POLIKLINIKK SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
10. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har ledig stilling som sjukepleiar, 70 % vikariat ved Kirurgiske poliklinikker SNR! Ønskjer du ei spennande sjukepleiarstilling der du får kombinere sjølvstendig poliklinisk arbeid med tverrfagleg samarbeid og akuttmedisinske utfordringar? Stillinga omfattar arbeid ved osteoporosepoliklinikken på dagtid, og arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken i akuttmottaket. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, stort fagleg ansvar og eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid, trivsel og godt humør. Litt om stillinga: På dagtid vil du arbeide ved osteoporosepoliklinikken, der målet er å førebyggje nye brot og sikre god utgreiing og behandling av pasientar med osteoporose. Poliklinikken blir driven sjølvstendig av sjukepleiarar i tett samarbeid med ortopedar og andre fagmiljø. Arbeidsoppgåvene omfattar: Eigne pasientkonsultasjonar Rettleiing og oppfølging av pasientar Gjennomføring av infusjonsbehandling Samhandling med aktuelle faggrupper Skadepoliklinikken i akuttmottaket Stillinga inkluderer også arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken. Her møter du pasientar med brot- og skadeproblematikk, i tillegg til andre kirurgiske og ortopediske problemstillingar. Arbeidet skjer i tett samarbeid med legar og andre faggrupper, og gir ein variert og spennande arbeidskvardag. Kvifor velje oss? Hos oss får du:                                                                                                                                                                                                                                                                                  Ein variert arbeidskvardag med brei pasientkontakt Høg grad av fagleg sjølvstende Eit sterkt tverrfagleg samarbeid Moglegheit til fagleg utvikling Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Bli med på laget! Vil du vere med og bidra til trygg, kunnskapsbasert og framtidsretta pasientbehandling? Då ønskjer vi å høyre frå deg. Tilsetjing etter avtale med leiar. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande. ArbeidsoppgåverSjølvstendige konsultasjonar ved osteoporosepoliklinikken Rettleiing og oppfølging av pasientar med osteoporose og bruddproblematikk Planlegging og gjennomføring av infusjonsdagar Samarbeid med ortopeder og øvrige fagmiljø Sjukepleiefageige oppgåver ved skadepoliklinikken i akuttmottaket kvar tredje helg Pasientrettleiing og undervisning Dokumentasjon og koordinering av pasientforløp KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Gode norskkunnskaper, både muntleg og skriftleg Erfaring fra poliklinisk virksomhet, ortopedi eller kirurgiske fagområder er ein fordel Interesse for forebyggande arbeid og pasientopplæring Personlege eigenskaparVi søkjer deg som: Trivst med å arbeide sjølvstendig Har gode samarbeidsevne og liker tverrfagleg samarbeid Er fagleg engasjert og ønsker å bidra til vidare utvikling av tjenesta Er strukturert og ansvarsbevisst Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø. Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonIda Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303, Ida.Gule@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5196177324 Stillingsprosent: 70% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 02.01.2028 Søknadsfrist: 10.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.