Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Pedagogisk leiar

Voss herad Klausabakken barnehage

Arbeidssted
VOSS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
24. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Får du energi av barnelatter, gode relasjonar og dagar som aldri er heilt like? Er du typen som likar å vera ute i all slags ver, kan syngja ein barnesong utan å blunka, og veit at den beste kjensla er å sjå barn meistra noko for aller fyrste gong? Ler du (litt) når du eigentleg skulle vore alvorleg, elskar at jobben gjev deg hundrevis av magiske augeblikk, og er den trygge vaksne som gjer ein forskjell kvar dag? Me har ledig vikariat 100%, som pedagogisk leiar. Tilsetting etter avtale , eller så snart som mogeleg.  Om stillinga Stillinga er på 3-5 årsgruppe Me tilbyr:  Gode vilkår for fagleg utvikling I Voss herad arbeider det mange forskjellige folk, og du vil garantert finne nokon du likar Du får lønn den 12. kvar månad og pensjonen din tek me oss av Pedagogisk leiar får kr 40 000 i tillegg ved 100 % stilling Kvalifikasjonar:  Bachelor i barnehagelærer Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.  Som pedagogisk leiar hos oss skal du leia og utvikla det pedagogiske arbeidet skapa eit trygt og godt leike- og læringsmiljø leia og inspirera medarbeidarane bidra til godt samarbeid og utvikling Kven ser me etter? Me ser etter deg som er varm, trygg og tydeleg, tek ansvar og får andre med deg. Du har eit positivt barnesyn, er ein god lagspelar og trivst både inne og ute. Engasjement og personlege eigenskapar veg tungt.  Om Arbeidsstaden Les meir om Klausabakken barnehage her : Klausabakken barnehage - Voss herad  Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.  Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.   Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.