Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar natt

Psykosepost Valen sjukehus

Arbeidssted
KVINNHERAD, VALEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
16. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk? Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga. Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv. Er du klar til å bli ein del av vårt dedikerte team og gjere ein forskjell? Vi ser fram til å høyre frå deg! Kva går jobben ut på?Natt-teneste på døgnpost. Gi pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient. Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos degHos oss er det viktig at du: er robust, tilpasningsdyktig og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik samarbeider godt, kommuniserer tydeleg og trivst i tverrfaglege team er initiativrik, engasjert og møter pasientar med respekt bidreg til eit godt arbeidsmiljø etterspør rettleiing når det er behov for det er lojal i forhold til avgjerder For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje Vi tilbyrTriveleg arbeidsmiljø. Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset. Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO. KontaktinformasjonBritt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder , +47 53466473 ArbeidsstadSjukehusvegen 26 5451 VALEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5198975193 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.02.2027 Søknadsfrist: 16.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.