Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du gjere ein forskjell når det verkeleg betyr noko ?

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Arbeidssted
BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
14. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
7

Stillingsdetaljer

Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Hellemyra er eitt av våre ni bufellesskap.Hellemyra bufellesskap ligg i Eikelandsosen på "Fusasida" i kommunen. Bufellesskapet har 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov og i tillegg yter avdelinga tenester til nokre tenestemottakarar i nærområdet.  Nokre jobbar handlar om rutinar. Andre handlar om mennesket. Hos oss får du moglegheit til å vera ein som skapar gode augneblikk, opplever meistring, tryggheit og glede i kvardagen. Ingen dagar er heilt like, og nettopp det gjer jobben spennande og meiningsfull. Vi ser etter deg som ønskjer å bruka fagkunnskapen din til meir enn pleie og omsorg. Du som ser ressursane i kvar enkelt menneske, som byggjer relasjonar og som ønskjer å bidra til at våre bebuarar får leva aktive, sjølvstendig og innhaldsrike liv. Hos oss vil du:: Skapa gode oppplevingar og meiningsfulle aktivitetar Bidra til tryggleik, meistring og livskvalitet Vera ein viktig støttespelar i bebuarens kvardag Samarbeida med engasjerte og dyktige kollegaer Få brukt både hjartet og fagkunnskapen din  Vi har helgestillingar på omlag 15 - 23%.  Det er mogleg å jobbe kvar 2.,3., eller kvar 4.helg. Ved arbeid kvar 4.helg er det langvakter. Arbeidsoppgåver Oppfølging og bistand til bebuarar i daglege aktivitetar Miljøterapeutisk arbeid og gjennomføring av målretta tiltak Førebygging og handtering av utfordrande åtferd Samarbeid med pårørande, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar Dokumentasjon og oppfølging av vedtak, planar og mål Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som: Har fagbrev som helsefagarbeider, barne- og ungdomsarbeider eller annen relevant utdanning, erfaring, eller kjennskap til tenestemottakarane. Er trygg, omsorgsfull og ansvarsbevisst. Trives med å jobbe både selvstendig og i team. Har evne til å sjå moglegheiter framfor begrensningar. Bidrar til eit godt arbeidsmiljø med humor, varme og engasjement. Erfaring frå arbeid med mennesker med nedsatt funksjonsevne er ein fordel, men personleg eignaheit og motivasjon vil bli tillagt stor vekt. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Personlege eigenskapar: Vi ser etter deg som trivst i arbeid tett på menneske, og som bidreg til å skapa tryggleik, meistring og gode dagar for bebuarane. Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.  Vi tilbyr Ein jobb som betyr noko – kvar einaste helg Eit inkluderende og fagleg sterkt arbeidsmiljø Varierte arbeidsdager med gode opplevelser Muligheter for faglig utvikling God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar. Studentar under relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning Studentar som blir tilsett i minimum 13 % fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar, kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000. Stipend blir utbetalt i juli månad, ved fast tilsetting innan 1.desember året før Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.