Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Assisterande kjøkkensjef -100%

Kjøkendrift, Vinje kommune

Arbeidssted
VINJE, TELEMARK
Publisert
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med på å skape gode måltidsopplevingar for innbyggjarane i Vinje? Vinje kjøkkendrift søkjer ein engasjert og fagleg sterk assisterande kjøkkensjef som vil vere med på å vidareutvikle eit moderne og allsidig storkjøkken. Kjøkkenet er lokalisert ved Vinje sjukeheim og er ein viktig del av tenestetilbodet til kommunen. Som assisterande kjøkkensjef vil du vere kjøkkensjefen sin viktigaste samarbeidspartnar, og bidra til den daglege drifta av kjøkkenet. Du får ein variert arbeidskvardag med både faglege, praktiske og koordinerande oppgåver. Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team på fem medarbeidarar, som kvar dag arbeider for å levere trygg, næringsrik og velsmakande mat til ei rekkje brukarar og arenaer. Me har varierte arbeidsoppgåver og høgt fokus på kvalitet, samarbeid og kontinuerleg utvikling. I Vinje kjøkkendrift får du meir enn ein jobb. Du blir del av eit kompetent og positivt fagmiljø der arbeidet du gjer kvar dag betyr mykje for andre menneske. Me tilbyr ein variert arbeidskvardag, moderne produksjonsmetodar og moglegheit til å vere med og påverke utviklinga av kjøkkentenestene i kommunen. Me er stolte av å levere måltid som skapar glede, trivsel og god ernæring for mange menneske kvar dag. No håpar me du vil bli med på laget Vil du vere med og gjere ein forskjell gjennom gode måltid? Då ynskjer me å høyre frå deg! Startdato: 01.02.2027 ArbeidsoppgåverAssisterande kjøkkensjef skal organisere og leie produksjonen på kjøkkenet, med ansvar for mellom anna: Fordeling av arbeidet etter menyplan og bestilling Diettar, spesialkost/ ynskjekost Daglig meny for kantinedrifta Vareuttak for neste dags produksjon Aktivt delta for å til einkvar tid å holde kjøkkendata oppdatert Oppgåver innen IK-Mat og HACCP Daglig produksjon og bestillingar, Varm mat produseres etter metodene sous vide og kok/kjøl KvalifikasjonarFagbrev som kokk. God kunnskap om ernæring og kosthold. Gode IKT- ferdigheiter og helst kjennskap til kjøkkenets dataverktøy MATILDA, tidlegare AIVO. Førarkort klasse B. Må beherske norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskaparDu har gode evne til samarbeid og kommunikasjon. Du kan takle mange oppgåver på ein gong. Du har vilje og evne til å ta ansvar. Du har hjarte for ernæringsmessig riktig og velsmakande mat Du er strukturert og ryddig Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. Me tilbyrGod forsikrings- og pensjonsordning Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Løn etter avtale Full opplæring på arbeidsoppgåver knytt til stillinga. Arbeid på dagtid, ikkje kveld og helg. 37,5 timar pr veke Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.  For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no. KontaktinformasjonArild Norvik, Kjøkensjef, 48125204, arild.norvik@vinje.kommune.no ArbeidsstadVinjevegen 192 3890 VINJE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5177399163 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.02.2027 Søknadsfrist: 22.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.