Psykolog
Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid - Ung Arena
- Arbeidssted
- MIDT-TELEMARK, BØ I TELEMARK, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med på å forme framtidas psykiske helsetenester for barn og unge?
Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid i Midt-Telemark kommune omfattar Ung Arena, Rask psykisk helsehjelp, samt helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk psykolog som ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje tilbodet til barn, ungdom (13-20 år) og familiar gjennom tidleg innsats, helsefremjande arbeid og tverrfagleg samarbeid. Det vil vere tett samarbeid med leier, øvrige i avdelinga og relevante andre innanfor oppvekst og helse i kommunen.
Som psykolog ved Ung Arena får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av eit lågterskeltilbod for barn og unge, der samskaping, medverknad og samarbeid står sentralt.
ArbeidsoppgåverKartlegging, vurdering, utgreiing og behandling i tråd med Helsedirektoratets krav til kommunane
Samtalar med barn, ungdom og familiar
Helsefremjande og førebyggjande arbeid på system- og individnivå
Rettleiing av kollegaer og samskaping med fagpersonar, studentar, erfaringskonsulentar, frivillige og andre
Deltaking i tverrfaglege team, som t.d. konsultasjonsteam
Samarbeid med kommunale og interkommunale hjelpetenester, mellom anna helse- og omsorgstenester, barnevern, skulane, pedagogisk-psykologisk teneste og NAV
Samarbeid med spesialisthelsetenesta
Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid
KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som psykolog
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
God digital kompetanse
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Ønska kompetanse
Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
Erfaring med førebyggjande og helsefremjande arbeid, gjerne utviklingsarbeid
Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av tenester
Søkjar bør kunne meistre begge målformer
Særskilde krav
Krav om politiattest, jf. Lov om helse- og omsorgstenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stillinga.
Førarkort kl. B
Personlege eigenskaparEngasjert i fagutvikling, førebyggjande og helsefremjande arbeid
Trygg, tillitvekkjande og relasjonssterk i møte med barn og ungdom
Sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø og tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt.
Vi tilbyrE-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
KontaktinformasjonTrond Garborg, Avd. leiar, +47 99206742
ArbeidsstadGamleveg 44
3802 BØ I TELEMARK
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5178558101
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.