Sjukepleiar og vernepleiar til Divisjon psykisk helsevern
Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 5
Stillingsdetaljer
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!
Lokal sikkerheitspost (LS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus
Regional sikkerheitspost (RS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 3. kvar helg
Psykiatrisk klinikk: Kandidatar blir tilsett ved Psykiatrisk klinikk pt ved avdeling. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1/S6 har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge: Her er det krav om tilfredstillande politiattest (vandel) jmf. Lov om helsepersonell § 20A.
* PBU, Barnepost, søker sjukepleiar til 100% fast stilling. Stillinga vil inngå i eit tverrfagleg team som gir tenester til pasientar som blir innlagd elektivt. 2-delt turnus med 2-3 kveldar pr. veke, og kvar 4 helg på akuttpost for barn og unge. Samt arbeid på Akuttpost når Barneposten er stengd (jul, påske og i sommarferieavviklinga).
* Kronstad DPS, Allmenn døgn - har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og pt. kvar 3. helg.
Bemanningssenteret Vanskeleg å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiar og vernepleiar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet.
ArbeidsoppgåverKlinikk for Sikkerheitspsykiatri sitt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver.
Lokal Sikkerheitspost (LS) jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø. 15 000 kroner pr år i særtillegg.
Kontakt: Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348
Regional sikkerheitspost (RS) Her jobbar vi i tverrfaglege team for å sikre hellheitlig behandling for pasientanes samla behov. Vi jobbar for å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Dette gjer vi gjennom eit trygt og strukturert miljø på sengeposten, høg fagleg kompetanse og klare rutinar. Pasientane er ofte innlagde over lengre tid, noko som gir oss høve til å bli godt kjende med både ressursane og dei sårbare sidene deira.
Ei anna sentral oppgåve kan vere å gjennomføre judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova § 167. Der vil sjukepleiara og vernepleiara vere ein del at eit rettspsykiatrisk team. Hos oss jobbar det omtrent like mange kvinner som menn, og vi tilbyr eit særtillegg på 15 000 kroner per år.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384
Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S1 er lukka døgnseksjonar med 8 ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske instensivplassar medan Seksjon S6 har 12 døgnplassar. Vi tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Behandlarteamet er sett saman av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, psykiater, psykologspesialist, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3).
Vi søker etter sjukepleiarar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar.
Kontakt, Seksjon S1: Marte Bjørgve, Tlf. 55958712
Kontakt, Seksjon S6: Jan Legreid, Tlf. 55958762
Kvalifikasjonar (overskrift)Kronstad DPS, Allmenn døgn er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet. DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.
Vi tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt. Vi behandlar pasientar med forskjellige lidingar som i ein periode treng døgninnlegging. Behandlingstilbodet er individuelt utforma, men kan innehalde: Samtalebehandling, medikasjon, utgreiing av diagnose og funksjonsnivå, individuelle støttesamtalar, fysisk aktivitet, psykoedukasjon, etablering av kontakt med ettervern, sosionomtenester, heimebesøk, eksponering og trening på meistring av livet ute. Vi tar imot pasientar både frå Sandviken sjukehus, eigne poliklinikkar og frå fastlegar. Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar.
Kontakt: Urd Hege Loftesnes, Tlf. 55956201
Arbeidsoppgåver
Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Vi tilbyr
Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
ArbeidsstadSandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5183706898
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.