Kreftsjukepleiar/sjukepleiar
KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 14. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ønsker du å jobbe i ei avdeling der avansert sjukepleie kombinerast med nær pasientkontakt og heilheitleg omsorg?
Som sjukepleiar har du ei viktig rolle på sjukehuset vårt, og du spelar ei avgjerande rolle i å sikre trygge og gode pasientopplevingar. Sengepost for kreft og blodsjukdomar søkjer no ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar som ønskjer å bidra til trygg behandling, høg fagleg kvalitet og gode pasientopplevingar.
Vi er ein fylkesdekkande spesialsengepost, og har 18 sengeplassar innan fagområda onkologi, palliasjon og hematologi. Her vil du jobbe tett saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø.
Stillinga er i hovedsak knytt til dag- og kveldsarbeid, med arbeid kvar 3.helg. Noko nattarbeid kan likevel forekomme. Ved interne omrokkeringar kan andre stillinger verte ledige.
ArbeidsoppgåverYte både grunnleggande og avansert sjukepleie til pasientar i alle faser av sjukdomsforløpet
Følgje opp pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og palliativ behandling
Arbeide heilskapleg og tverrfagleg med behandling, symptomlindring, omsorg, informasjon og koordinering av tenester
Være ein trygg støttespelar for pasientar og pårørande i ein sårbar livsfase
Rettleie studentar og nytilsette
Bidra til kvalitet, pasientsikkerheit og god samhandling i pasientforløpa
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Vidareutdanning innanfor kreft eller palliasjon er ein fordel
God IKT-kompetanse
Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaparDu er pasientorientert og framtidsretta
Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
Du viser høgt fagleg engasjement og har ønske om å utvikle deg
Du er ansvarsfull og arbeider strukturert og nøyaktig
Du bidreg til å vedlikehalde vårt trivelige og gode arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid i ei avdeling med høg kompetanse
Internundervisning, fagdagar og fokus på kompetanseheving
Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonMaiken Amalie Grønningsæter Solberg, Seksjonsleiar, maiken.amalie.gronningsaeter.solberg@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 15
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5184643568
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.