Leiar operasjon
Skyss
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og gjere det enkelt for folk å reise i Vestland – også når dagen ikkje går heilt etter planen? Kvar dag er mange avhengige av Skyss for å kome seg til arbeid, skule og fritidsaktivitetar. Korleis vi møter kundane og løyser utfordringar undervegs, har stor betydning for kvardagen til mange vestlendingar.
Vi treng ein leiar for den nyoppretta avdeling operasjon. Her får du ansvar for at kundane møter eit tilbod som fungerer godt, dag ut og dag inn. Du samlar arbeidet med reiseinformasjon og kundeservice, og samarbeider tett med operatørane som køyrer for oss gjennom god og tett avtaleoppfølging. Når noko ikkje går som planlagt, skal kundane få god informasjon, og avdelinga skal vere rusta til å handle raskt.
ArbeidsoppgåverDu skal òg bruke det vi lærer av dei reisande, operatørane og hendingar i drifta, til å gjere tilbodet betre. Målet er å førebyggje problem og sørgje for at erfaringar frå den daglege drifta blir tekne med når Skyss utviklar nye løysingar og kjøper inn tenestene. Du har ansvar for at avdelinga har gode planar og arbeidsmåtar for å handtere uventa hendingar
Kvalifikasjonar (overskrift)Som avdelingsleiar inngår du i direktøren si leiargruppe, og har tre gruppeleiarar som rapporterer til deg. Vi ser etter deg som har leiarerfaring og relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre denne rolla treng du erfaring med å utvikle gode kundeopplevingar, forbetringsarbeid og organisasjonsbygging. Erfaring frå samferdsel eller kollektivtransport, og kunnskap om offentleg forvaltning er ein fordel. Du er tydeleg som leiar, gir medarbeidarane tillit og får fagmiljøa til å samarbeide. Du ser heilskapen og byggjer ei avdeling som jaktar forbetringar, utan at du sjølv må løyse kvar hending. Hos Skyss møter du engasjerte medarbeidarar som bryr seg om dei gode kvardagsreisene. Du får ei rolle der arbeidet ditt betyr mykje for mange menneske i heile fylket, ei viktig rolle for å løyse samfunnsoppdraget til Skyss.
Andre opplysningar:
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort
Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf.908 72 622, Julian Smørdal tlf. 932 29 249 eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf. 916 53 176. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen.
KontaktinformasjonMålfrid Vik Sønstabø, direktør, 91653176
Matae v/ Merethe Mæland, 908 72 622
Matae v/ Julian Smørdal, 932 29 249
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5190303348
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.