Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Barnevernspedagog, sosionom, vernepleier

Bufetat

Arbeidssted
VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillinga og arbeidsstadenVed Sunnmørsheimen ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen er det no ledig ei 100% fast stilling som miljøterapeut. Stillinga går i todelt turnus med dagvakter og kveldsvakter i veka, og langvakter på inntil 12,5 timer kvar 4. helg. Som følgje av interne omrokkeringar og endringar i bemanningsbehovet kan det bli aktuelt å tilsetje fleire kandidatar gjennom same utlysing. Eventuelle ytterlegare stillingar kan ha ein stillingsstorleik på mellom 83 og 100 % og vere knytte til avdeling Nygardsvegen eller Klatrevegen. Vi er ein spennande, utviklande og dynamisk arbeidsplass med dyktige og dedikerte fagfolk. Saman arbeidar vi for å skape dei beste rammene for ungdomar i ein vanskeleg livssituasjon gjennom risikoredusering, endring og utvikling. Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte? Då er kanskje du den vi leitar etter! Sunnmørsheimen er eit tiltak under Bufetat, plassert i Volda kommune i Møre og Romsdal. Vi  har per i dag 2 avdelingar, avdeling Klatrevegen som er ei akuttavdeling, og avdeling Nygardsvegen som er ei behandlingsavdeling. Vi har ungdomar i aldersgruppa 12-18 år. Ungdomane er plassert etter barnevernsloven §§ 4-4, 6-1 og 6-2. I Bufetat arbeider vi med å utvikle det statlege barneverns- og familievernstilbodet for framtida, med bakgrunn i barnevernsreforma. Våre tenester skal vere godt koordinerte og kvalitetssikra slik at vi kan ta vare på dei mest utsette barna og ungdomane.  ArbeidsoppgåverHovudoppgåva er å skape ein trygg omsorgsbase for ungdomane våre, innanfor institusjonen sine rammer og forståelsemodellar.   Her er nokre av dei faste arbeidsoppgåvene som vi håper vil gje deg ein spanande og variert arbeidskvardag: Utøve god og trygg omsorg, som bidreg til ein trygg og stabil kvardag for ungdomane våre Drive målretta miljøterapeutisk arbeid og behandling innanfor Sunnmørsheimen sine faglege rammer og metodar Ansvar som hovudkontakt for ungdomane Ansvar for etablering av behandlingsplan, handlingsplan, samt koordinering av arbeidet rundt ungdomane Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktivitetar Samarbeid med ulike instansar både internt og eksternt, samt med ungdomane sine pårørande Utføre praktiske gjeremål og halde grunnstruktur for hushald ved institusjonen Skriftleg dokumentasjon og rapportering Instistusjonen har særskilte ansvarsområde som dekker skule, helse, familie, nettverk, tryggleik og sikkerheit. Dette er ansvarsområde som kan verte tillagt stillinga. Kva bakgrunn har du?Vi ser etter deg som har: Bachelorgrad  i sosialt arbeid, barnevern, sosionom eller vernepleie. Førarkort klasse B God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk   Det er ein fordel om du i tillegg har: Erfaring/praksis frå arbeid med ungdomar i institusjon.  Kjennskap på traumesensitiv tilnærming. Du må kunne tileigne deg kunnskap om, samt jobbe etter prinsippa for traumesensitiv tilnærming Kjennskap til rettigheitsforskriften og styrande lovverk God IKT kompetanse, som til dømes tekstbehandling, dokumentering og journalføring   Personlige eigenskaparPå Sunnmørsheimen ser vi etter nye kollegaer med eit stort hjarte for ungdomane våre, ei sterk evne til å vise kjærleik og eit varmt blikk. Vi arbeidar med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når andre har det vanskeleg. Det er viktig at du har ei god fysisk og psykisk helse, då arbeidet med målgruppa er krevjande.  Vi trur du vil trivast om du kjenner deg igjen i desse punkta:  Du er roleg, trygg, tydeleg og stabil i vaksenrolla, samtidig som du set grenser og står i konflikt og vanskelege situasjonar over tid Gode samarbeidsevner både når det gjeld ungdomar, pårørande, samarbeidspartnarar internt og eksternt, og kollegaer Har eit bevisst forhold til bruk fysisk makt og inngrep, samt til omgrep som tillit/tryggleik, relasjon og regulering i praksis Har evnen til å delta aktivt i rettleiing og reflektere rundt eigen praksis Har ein stor ansvarsevne og evner å ta initiativ på sjølvstendig grunnlag Jobber strukturert og målretta ut frå ungdomane sine individuelle behandlingsplanar Personlege eigenskapar og teamsamansetjing vil verte avgjerande for kven som tilsettast. Kva får du hjå oss?Stillinga er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog og 1508 vernepleier, kr 510 000 - 650 000 pr. år  Ved relevant videreutdanning tilsvarende minimum 60 studiepoeng, kan det tilsettast i stillingskode 1510 spesialutdannet barnevernspedagog, 1185 spesialutdannet sosionom, 1509 spesialutdannet vernepleier eller 1534 spesialutdannet miljøterapeut, kr 560 000 - 700 000 pr. år.  Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskot. I tillegg kan vi tilby ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag med høgt fagleg fokus, løpande opplæring og støtte i sikkerheitstrening og aktuelt lovverk, og ei personalgruppe med eit høgt engasjement. Hjå oss vil du også få: Vere med på skape ein forskjell for ungdom som trenger det aller mest Ein arbeidskvardag med varierte og spennende oppgåver og utfordringar Positive og engasjerte kollegaer med brei fagkunnskap og lang erfaring frå barnevernfeltet Opplysningar til deg som søkjerVi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss. Stillinga er for tida lagt til Sunnmørsheimen ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen. Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidater. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje. Prøvetid i samsvar med statsansatteloven. Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge. Kva skal søknaden din innehalde?For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.  Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.  Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.