Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Helgevaktstilling i Miljøarbeidstenesta

Etne kommune Miljøarbeidstenesta

Arbeidssted
ETNE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du ha ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for andre? Me søkjer engasjerte og pålitelege medarbeidarar til faste helgestillingar i Miljøarbeidstenesta. Tenesta gir oppfølging til barn, ungdom og vaksne med ulike behov for støtte i kvardagen. Me ser etter deg som er positiv, ansvarsbevisst og trivst med å arbeide med menneske. Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt. ArbeidsoppgåverOppfølging til barn, ungdom og vaksne med ulike behov for støtte i kvardagen. KvalifikasjonarErfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt. EigenskaparEngasjert, påliteleg og omsorgsfull. Me tilbyrEit godt arbeidsmiljø Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver God opplæring og fagleg støtte Verdifull erfaring for deg som vurderer utdanning eller arbeid innan helse- og omsorgsfag Vi ønskjer søknaden din velkomen! Annan informasjonMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.