Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning

PSK døgn psykose, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
13. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

DPS Døgn psykose har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning.  Vikariat frå snarast til og med august 2027. Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø. DPS Døgn psykose har 8 døgnplassar og 1 brukarstyrt plass. Vi er ein open spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS Døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø. ArbeidsoppgåverArbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen Gi psykiatrisk pleie og omsorg Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på avdelinga Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til seksjonen Andre oppgåver etter avtale med leiar Turnusarbeid, langvakter på helg kan vere aktuelt dersom ønskjeleg. Mulighet for langvakter i vekedagar er under kartlegging. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd, men er ikkje eit krav. Relevant erfaring er ønskjeleg Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg Personlege eigenskaparDu har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press Personleg eignaheit vert vektlagt Vi tilbyrEit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling Opplæring Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar   Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.  KontaktinformasjonStephanie Levy, Seksjonsleiar, (+47) 993 78 985 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5187045198 Stillingsprosent: 100% Vikariat Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 13.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.