Sjukepleiar på hjul?
Vindafjord kommune Heimetenesta
- Arbeidssted
- VINDAFJORD, ØLEN, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Me søkjer to sjukepleiarar i 100% stillingar heimetenesta - ei stilling i indre sone og ei stilling i ytre sone.
Stillinga i indre sone er grunna svangerskapspermisjon, men me ynskjer å lyse denne ut som fast stilling. Her vil du vere i heimetenesta det første året, etterfulgt av å arbeide i ytre sone om behov, eller på insititusjon dersom heimetenesta ikkje har ledig stilling.
Stillinga i ytre sone er fast i heimetenesta.
Som sjukepleiar i heimetenesta får du ein meiningsfull jobb der du reiser ut til heimebuande som har ulike behov for din kompetanse og di hjelp.
Du vil arbeide med mange gode kollegaer med godt arbeidsmiljø og eit høgt fokus på fag- og velferdsteknologiske løysningar, og nyttar mellom anna ulike typar digitale medisindispensarar.
Om oss:
Heimetenesta indre sone har sonekontor på Ølen omsorgssenter, og dekker bygdane Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Vikedal, Sandeid og Imsland. Heimetenesta ytre sone har sonekontor på Vindafjordtunet og dekker bygdane Skjold, Vats og Vikebygd, samt 25 omsorgsbustadar.
Kva får du jobba med hos oss?
Sjukepleiefaglege vurderingar, observasjonar og kartleggingar.
Sette sjukepleiefaglege tiltak.
Pårørandearbeid.
Samhandling med andre kollegaer og lege/legevakt.
Høgt fokus på velferdsteknologi.
Tverrfagleg samarbeid.
Me kan tilby:
Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjons som sjukepleiar
Vidareutdanning innan demens, velferdsteknologi eller psykiatri er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
Serviceinnstilt
Samarbeidsinnstilt og positiv
Fleksibel
Open for nye måtar å arbeide på og nye løysingar
Er fagleg interessert og held deg oppdatert
Arbeidar sjølvstendig
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulose før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.