Lærar Elektrofag
YF Elektro og datateknologi[YF_elektro_og_data], Møre og Romsdal fylkeskommune, Sykkylven vgs [sykkylven]
- Arbeidssted
- SYKKYLVEN, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Sykkylven vidaregåande skule søkjer lærar i 100 % fast stilling innan elektro og datateknologi for skuleåret 2026–2027.
Vi søkjer ein fagleg sterk og samarbeidsorientert kollega med kompetanse til å undervise i programfaga på Elektro og datateknologi.
Vil du vere med å forme framtidas fagarbeidarar? Hos oss får du undervise i eit moderne og framtidsretta elektrofagmiljø med TekLab, elektrolab og verkstadar utstyrte for morgondagens teknologi.
ArbeidsoppgåverUndervise og rettleie elevar i programfaga innan elektrofag
Følgje opp elevar fagleg og sosialt, og bidra aktivt til å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø
Samarbeide tett med kollegaer, kontaktlærarar og lokalt næringsliv for å sikre relevant og oppdatert opplæring
Delta i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid ved skulen
Sikre godt vedlikehald, orden og tryggleik knytt til verkstader og utstyr
KvalifikasjonarKompetanse innan elektrofag er særleg etterspurt
Praktisk erfaring frå næringsliv er ønskjeleg
Pedagogisk kompetanse (PPU) er ønskjeleg
Erfaring med opplæring og arbeid med ungdom er ein fordel
Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetting, kan andre tilsetjast mellombels for eit skoleår eller på vilkår om å fullføre nødvendig utdanning
Personlege eigenskaparEvne til å skape gode relasjonar og eit trygt læringsmiljø
Strukturert, løysingsorientert og trygg i verkstadsarbeid
Engasjert, initiativrik og opptatt av elevane si læring og utvikling
God samarbeidsevne og vilje til å bidra i eit fagleg fellesskap
Vi tilbyrEit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit framtidsretta fagområde
Godt utstyrt verkstad og tett samarbeid med lokalt næringsliv
Moglegheit for fagleg og pedagogisk utvikling
Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
Løn etter gjeldande avtaleverk
KontaktinformasjonBarbro O. Midtgård, Rektor, +47 92619045
ArbeidsstadKyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5175474145
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 20.06.2027
Søknadsfrist: 18.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.