Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar, fast stilling ved Vigra omsorgssenter avdeling  Skogly 

Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt

Arbeidssted
GISKE, VIGRA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
18. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bli ein del av laget vårt? Vi søkjer ein engasjert og trygg sjukepleiar til 94% fast stilling i avdeling for personar med demens! Hos oss får du ein arbeidskvardag som er både meiningsfull, variert og – ikkje minst – full av menneskemøter. Vi ønskjer oss ein kollega som ser mennesket bak sjukdommen, som møter andre med varme og respekt, og som bidreg til at både bebuarar og kollegaer har gode dagar. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg. Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden. ArbeidsoppgåverVanlege oppgåver innan pleie, omsorg og praktisk bistand. KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar eller vernepleier Gjerne vidareutdanning i geriatri eller alderspsykiatri God digital kompetanse Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg Sertifikat for bil Oppmoder menn til å søke Personlege eigenskaparDu er omsorgsfull, positiv og trygg i møte med menneske. Du har interesse for demensomsorg og ønskjer å gjere ein forskjell. Du er ein lagspelar som bidreg med godt humør og gode idear. Du er fleksibel, løysingsorientert og ser moglegheiter i kvardagen. Du ønskjer å vere med på å skape ein trygg og aktiv kvardag for bebuarane våre. Vi tilbyrEin meiningsfull jobb der du får brukt både hovud og hjarte. Gode og engasjerte kollegaer som støttar kvarandre. Ein variert arbeidsdag – ingen dagar er heilt like! Moglegheit til å utvikle deg fagleg og personleg. Ein arbeidsplass der vi ønskjer at du skal trivast, bli sett og kjenne at du betyr noko. Vi trur på at gode dagar blir skapte saman. Så – har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Då håpar vi å høyre frå deg! KontaktinformasjonHelen Gjerde, nestleiar, 90249808 Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630 ArbeidsstadReset 14 6040 Vigra Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5185751039 Stillingsprosent: 94% Fast Søknadsfrist: 18.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.