Lege i spesialisering
Medisinsk klinikk/ Seksjon for infeksjonssjukdommar, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Om stillinga
Medisinsk klinikk, Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig to stillingar for lege i spesialisering i indremedisin, med moglegheit for spesialisering innan våre øvrige hovudspesialitetar; blodsjukdommar, endokrinologi, fordøyelsessjukdommar, geriatri, infeksjonssjukdommar og nyresjukdommar. Stillinga er ledig frå 01.03.2027.
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i alle spesialitetane. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Klinikken har eigne seksjonar for blodsjukdommar, fordøyelsessjukdommar, hormonsjukdommar, geriatri, infeksjonssjukdommar, nyresjukdommar, klinisk ernæringsfysiologi, sosionomtenester, kontortenester og forsking. Klinikken har ansvar for diagnostikk og behandling av pasientar med eit breitt spekter av indremedisinske tilstandar og har fem sengepostar med 71 senger, mellom dei 12 overvakingssenger til våre ulike pasientkategoriar. Klinikken har vel 650 tilsette, har 5500 døgnopphald, mest øyeblikkeleg hjelp, og driv i tillegg ei stor poliklinisk verksemd med meir enn 80.000 konsultasjonar kvart år. Klinikken har eiga dialyseavdeling med 15.000 dialysar årleg og stor gastroenterologisk endoskopisk og ultrasonografisk verksemd.
Saman med Klinisk Institutt 1 og 2, Universitetet i Bergen, har klinikken ei stor forskingsverksemd.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a.
ArbeidsoppgåverDelta i klinikken sine ulike aktivitetar
Delta i medisinsk forvaktsordning
Delta i undervisning i Medisinsk klinikk
Klinisk undervisning for studentar inngår i oppgåvene
Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid i klinikken
KvalifikasjonarDen som blir tilsett må ha norska autorisasjon og godkjend tirnustjeneste/LIS1 eller tjeneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i indremedisin
Søkar må meistre norsk munnleg og skriftleg
Forskningsinteresse eller-erfaringer er ein fordel
Personlege eigenskaparVi søker etter lege med interesse for indremedisin
Må ha gode evner til å arbeide med pasientar
Må vere godt motivert, fleksibel og ha gode samarbeidsevnr på tvers av medarbeidargrupper
Vi tilbyrStimulerande arbeidsmiljø i ein aktiv klinikk med høg fagkompetanse
Sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking
Gode høve for deltaking i forsking
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønn etter gjeldane overeinskomstar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonTrond Bruun, Seksjonsleiar, Seksjon for infeksjonssjukdommar, 55975657, trond.bruun@helse-bergen.no
Steinar Skrede, Assisterande klinikkdirektør, 55972947, steinar.skrede@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5203039196
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.