Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk

Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune

Arbeidssted
KRISTIANSUND, KRISTIANSUND N, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
20. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Kristiansund? Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?  Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?  Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?  Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit? Vi søker engasjert tannlege som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt. Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk. Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum. Les meir om Kristiansund her: VISIT KRISTIANSUND   ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som tannlege.  God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.    Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.   Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: kjenner stoltheit for tannhelsefaget  trivst med å jobbe med og for menneske  jobbar effektivt og sjølvstendig  har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert  ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø Vi tilbyrEin god jobb der du kan utvikle deg  Lønn etter avtale Ny og moderne tannklinikk  Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk Trivelege medarbeidarar og godt miljø  Introduksjonsprogram Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg  Flyttetilskot Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest KontaktinformasjonSara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553 Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500 ArbeidsstadFosnagata 12 6509 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5199678975 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.