Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst
Universitetet i Bergen
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 14. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Åremål
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAInstituttleiarVed Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst, Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei stilling som instituttleiar (100%) frå 15.02.2027. Tilsetjingsperioden er fire år (åremål), med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing.
Arbeidsoppgåver:Instituttleiar skal drive strategisk leiing og har samstundes det overordna ansvaret for instituttets verksemd. Instituttleiar har personalansvar og innstillande mynde ved tilsetjingar, sit i fakultetet si leiargruppe og rapporterer til dekan. Instituttleder legg til rette for bruk av tid til kunstnarleg utviklingsarbeid, utdanning og formidling for dei tilsette. Vidare har instituttleiar ansvar for å utvikle og følge opp mål for kunstnarleg utviklingsarbeid, ph.d.-utdanning, utdanning og formidling, utforme verksemdsplanar og sikre rasjonell drift og budsjettbalanse. Instituttleiar skal sørge for at instituttets studieprogram er ivaretatt i samsvar med UiBs studiekvalitetssystem. Instituttet er preget av tverrfagleg samarbeid, høy fagleg kompetanse og et sterkt engasjement for samfunnsaktuelle problemstillingar. Instituttleiar har HMS-ansvar og ansvar for å utvikle eit godt arbeidsmiljø, skape trivsel og motivasjon og leggje til rette for fagleg utvikling for den enkelte og for fagmiljøet samla. Instituttleiar skal sørge for at studiekvalitetssystemet av instituttets program er ivaretatt.
Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å:
Leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i tråd med strategiane til fakultetet og Universitetet i Bergen
Representere og posisjonere institutt og fakultet, og bidra til internt og eksternt samarbeid
Bidra til å auke eksternt finansierte utdannings- og forskingsprosjekt
Skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
Leggje til rette for gode prosessar baserte på medverknad frå tilsette og studentar
Ha budsjettansvar og sikre god drift og økonomistyring etter gjeldande reglar og rutinar
Arbeide for god kjønnsbalanse i stillingane ved instituttet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:Vi søkjer ein instituttleiar som har:
Forskingskompetanse (minimum førsteamanuensisnivå, fortrinnsvis professornivå) i eitt av fagområda ved instituttet eller nærståande fagfelt.
Dokumentert evne til å arbeide strategisk mot fastsette mål, gode evner til kommunikasjon, dertil evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt.
God innsikt i og erfaring frå kunnskapsinstitusjonar med dei tilhøyrande krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring.
Evne til planmessig handling og utvikling av instituttet innanfor gjevne ressursrammer.
Erfaring frå arbeid med ekstern finansiering.
Evne til å arbeide resultatorientert mot fastsette mål.
I tillegg blir det lagt vekt på:
Ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
Erfaring frå forskings- og utdanningsleiing
Perspektiv på forsking og utdanning i eit breitt fleirfagleg kunstfelt innan skapande kunstutdanning nasjonalt og internasjonalt
Gode kommunikasjonsevner, evne til å bygge nettverk og skape tillit internt og eksternt
Gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk. Administrasjonsspråket ved universitetet er norsk.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr:Interessante og utviklande leiaroppgåver
Eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
Løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
Støtte til leiarfunksjonen, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:Søknad og CV
Vitnemål og attestar
Dokumentasjon på kompetanse som førsteamanuensis eller professor.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Dekan Åsil Bøthun på e-post: asil.bothun@uib.no eller telefon +47 41329097 eller til fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie på e-post eli.hoie@uib.no eller telefon +47 95198327
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.