Smittevernsjukepleiar
Avdeling for smittevern
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 23. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du interessert i smittevern, pasienttryggleik og resistente mikrobar?
Ønsker du ein allsidig og spennande jobb der du kan gjere ein forskjell i helsetenesta? Hos oss får du høve til å vere kreativ og utvikle deg. Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som er fagleg sterk, og som ønsker å styrke og vidareutvikle smittevernarbeidet i føretaket. Du vil vere ein viktig støttespelar for både leiarar og medarbeidarar.
Vi har ledig stilling som smittevernsjukepleiar ved avdeling for smittevern, med arbeidsstad i Haugesund. Du blir ein del av eit engasjert smittevernteam som består av ein smittevernlege og tre andre smittevernsjukepleiarar, fordelte på sjukehusa på Stord, Odda og i Haugesund.
Avdeling for smittevern arbeider med infeksjonsførebygging og infeksjonsovervaking, og samarbeider tett med andre profesjonar og avdelingar. Vi samarbeider òg tett med smittevernpersonell i heile Helse Vest. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Kva går jobben ut på?Rådgiving/undervisning/internrevisjon.
Smittesporing og utbrothandtering.
Infeksjonsovervaking (innhenting, registrering og analysering av data).
Oppdatere prosedyrar i infeksjonskontrollprogrammet.
Forbetringsarbeid og kampanjar .
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha:
norsk autorisasjon som sjukepleier
god digital kompetanse
gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Det er ønskeleg at du har:
videreutdanning/master innan smittevern eller annan relevant utdanning som f.eks folkehelse. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
klinisk erfaring frå somatisk spesialisthelseteneste
undervisningserfaring
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:
har gode evner i kommunikasjon og samarbeid
arbeider godt både sjølvstendig og i team
har god evne til å motivere andre og knytte kontakter
er fleksibel og løysningsorientert
viser engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Vi tilbyrEngasjerte kollegaer som samarbeider tett.
Eit spennande og dynamisk arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte medarbeidarar.
Faglege utfordringar.
Moglegheit for deltaking på kurs innan fagfeltet.
Dagtid med mogelegheit for fleksitid etter avtale.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKirsti Hermstad, Funksjonsleiar, +47 97578088
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5201250082
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.