Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Seniorrådgivar

Norec

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
4. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du jobbe med organisasjonsutvikling og HR i eit internasjonalt arbeidsmiljø? Seksjon for verksemdstyring gir støtte til resten av Norec innan økonomi, rekneskap, arkiv, IKT og HR. Vi er opptekne av å ta i bruk nye  verktøy for å effektivisere og digitalisere arbeidet, og vi ser stadig etter måtar å betre tenestene våre på. Som seniorrådgivar blir du ein viktig støttespelar for leiarar og tilsette i Norec. Du skal arbeide både strategisk og praktisk med organisasjonsutvikling og HR. Oppgåvene spenner frå daglege rutinar til langsiktige prosessar som organisasjonsendringar, medarbeidarundersøkingar og partssamarbeid. Ansvars- og arbeidsoppgåverbidra til å utvikle organisasjonen gjennom strategiarbeid, prosessleiing og medverknadsprosessar arbeide med kompetanseutvikling og endringsleiing vere HR-fagleg rådgivar for leiinga og dei tilsette støtte leiinga i årlege prosessar, strategiske initiativ og endringsprosessar bidra i rekrutteringsprosessar, personaladministrasjon og anna HR-relatert sakshandsaming betre og effektivisere interne rutinar  Du må og rekne med andre oppgåver i seksjonen ved behov.  Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Norec?Er du nysgjerrig på arbeidsmiljøet eller kulturen hos oss?   Ta gjerne kontakt med programrådgivar Eirik H. Walmsness på          e-post.    Har du spørsmål om sjølve stillinga kan du kontakte seksjonsleiaren. Du finn kontaktinformasjonen nedst i annonsa. KvalifikasjonarDu må ha:  relevant høgare utdanning på minst mastergradsnivå innan fagområde som leiing, organisasjonspsykologi, HR, økonomi eller administrasjon. Særleg relevant erfaring kan kompensere for ei anna utdanningsretning minst åtte års relevant arbeidserfaring erfaring med HR-fagleg leiarstøtte kjennskap til offentleg og statleg forvaltning erfaring med prosessleiing, organisasjonsutvikling og endringsprosessar svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Det er ein fordel om du har: erfaring med leiarutvikling og leiaropplæring HR-erfaring frå offentleg eller statleg sektor god kjennskap til statleg lov- og avtaleverk. Om degVi ser etter deg som:  arbeider sjølvstendig, tek initiativ og tek ansvar for eiga fagleg utvikling tek ansvar for framdrift i arbeidet er løysingsorientert og samarbeider godt på tvers av fagområde og kulturar er god på å bygge relasjonar og skape tillit hos leiarar og tilsette er fleksibel og tilpassar deg skiftande behov i organisasjonen Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi legg vekt på personlege eigenskapar som respekt og openheit i møte med andre.  Vi tilbyrmoglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar trening i arbeidstida gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse Det blir trekt 2 prosent av løna di til pensjonsordninga.   Stillinga er lønt som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med ei årsløn frå 604 300 til 840 000. Løna blir fastsett etter avtale og er avhengig av utdanning og erfaring.    Les dette før du søker:I Norec trur vi at mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søkjer på stillinga. Du må vere kvalifisert for stillinga. Vi inviterer alltid minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om positiv særbehandling her.  Opplysningane du kryssar av for i søkjarportalen, blir berre brukte til å velje ut kandidatar etter desse kriteria og til anonymisert statistikk. Når søknadsfristen er ute, lagar vi ei offentleg søkjarliste. Du kan be om å ikkje stå på lista, men då må du grunngi ønsket i søknaden. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan innvilge ønsket.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.