Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved spesialistklinikken på TkVestland

IDI - Vestland tannhelseteneste, Vestland fylkeskommune

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
8. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

TkVestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg, og vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert hos oss, og eit sentralt mål er at resultata skal kome både tannhelsetenesta og pasientane til gode. Vi utfører undersøking og behandling av pasientar som er tilviste frå offentlege og private tannklinikkar. I tillegg driv vi utadretta verksemd gjennom rådgjeving, kurs og hospitering for tannhelsepersonell. Spesialistklinikken ved TkVestland i Årstadveien 19 har ti moderne behandlingsrom, og vi har òg ein klinikk ved Haukeland sjukehus. Totalt er vi om lag 50 tilsette, med spesialistar innan alle odontologiske fagområde. TkVestland søkjer no ein spesialist i oral kirurgi og oral medisin til eit 50 % vikariat fram til 31. august 2027. ArbeidsoppgåverSom spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved kompetansesenteret arbeider du med pasientar som er tilviste for vurdering, diagnostikk og behandling av orale medisinske tilstandar samt kirurgiske problemstillingar. Mange av desse pasientane har behov for tverrfagleg vurdering og behandling i samarbeid med andre tannlegespesialistar, og du vil ha ei sentral rolle i koordinering og gjennomføring av dette arbeidet. Arbeidsoppgåvene omfattar òg deltaking i utadretta verksemd, som kurs, fagformidling og andre kompetansehevande tiltak. Dette kan til dømes vere rettleiing og rådgjeving til kollegaer i tannhelsetenesta, med mål om å styrkje fagleg utvikling og kvalitet i behandlingstilbodet. Tannbehandling i narkose kan verte aktuelt. KvalifikasjonarDu må ha norsk autorisasjon som spesialist i oral kirurgi Det er ønskjeleg med relevant arbeidserfaring som oral kirurgi Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg Den som vert tilsett i tannhelsetenesta, må leggje fram gyldig politiattest Personlege eigenskaparDu er ein spesialist som set pasienten i sentrum og som trivst med å jobbe tett på menneske med samansette og krevjande behov. Vi ser etter deg som: Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta, og tek ansvar for eiga fagutøving. Møter pasienter med respekt og omsorg. Kommuniserer tydeleg og skapar tryggleik hjå pasientar, pårørande og kollegaer. Bidreg aktivt i tverrfaglege team og er ein ressurs for fellesskapet. Er nysgjerrig og engasjert i fagleg utvikling og deler gjerne kompetansen din med andre. Handterer ein variert arbeidsdag med ro og fagleg tryggleik. Stillingsprosenten kan justerast ved særleg godt kvalifisert kandidat. Søknaden må innehalde referansar og relevante attestar. Vi tilbyrLøn etter avtale. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Utfordrande oppgåver med mykje ansvar i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø. Gode mogelegheiter for fagleg utvikling. KontaktinformasjonMarita Bjørkelund, Fung. klinikkleiar, 97592838, Marita.Bjorkelund@vlfk.no ArbeidsstadÅrstadveien 19 5009 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5181793858 Stillingsprosent: 50% Vikar Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 08.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.