Einingsleiar/seksjonsleiar
Kirurgisk klinikk/ Post 3 gastrokirurgi, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 21. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ledig fast stilling i 100% som Seksjonsleiar ved kirurgisk klinikk post 3.
Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av avdeling for Gastro- og akuttkirurgi og tar hand om pasientar med sjukdommar i mage og tarm. Posten har 20 senger og rundt 38 årsverk, med ca 60 tilsette. Kjenneteikn ved posten er at den har både elektive og akutte pasientar, der mange er alvorleg sjuke. Avdelinga har m.a. regionalt ansvar for flere av våre diagnosar.
De tilsette i posten består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legar med jamt over høg kompetanse. Personalet er aktive, har godt humør og er løysingsorienterte.
Einingsleiar har ein assisterande einingsleiar. Som einingsleiar vil du jobbe tett saman med assisterande einingsleiar og samarbeide med dei andre to gastrokirurgiske sengepostene i avdelinga. Alle tre sengepostar har felles mål og plan for utvikling av helsetenesta. Vi har eit godt arbeidsmiljø som vi er stolt over. Arbeidstid er i hovudsak dagarbeid med arbeidstid 07.00-15.00.
Kirurgisk klinikk, post 3, er ein av fem sengepostar i kirurgisk klinikk. I vår klinikk samarbeider einingsleiarar tett og har felles mål og plan for utvikling av pleietenesta. Vi ønsker derfor at du som søkar er initiativrik, engasjert og har eit ønske om å utvikle eigen avdeling i tillegg til å aktivt delta i utviklinga av Kirurgisk klinikk.
ArbeidsoppgåverPersonal- og økonomiansvar for eininga og rapportere til avdelingssjef
Vere ein del av leiargruppa i avdelinga og klinikken si einingsleiargruppe
Ansvar for at drifta ved eininga er forsvarleg, effektiv og innanfor avtalte rammer
Vere i tett dialog med andre faggrupper og andre einingar for å sikre optimal pasientflyt og samhandling
Stimulere til eit godt og utviklande arbeidsmiljø
Koordinere sengeposten si daglege drift i tett samarbeid med assisterande einingsleiar og leiarar ved andre sengeposter i Kirurgisk klinikk
Ansvarleg for rekruttering av nye medarbeidarar
Sørge for framtidsretta og god sjukepleiefagleg utvikling for dei tilsette og studentar
Ha ansvar for bemanningsplanlegging, samt at turnus /arbeidsplanar oppfyller økonomiske, driftsmessige og personalpolitiske krav
Samarbeid med førstelinjetjeneste, høgskoler og andre avdelingar på sjukehuset
KvalifikasjonarSøkar bør ha leiarerfaring og/ eller leiarutdanning/ønske om leiarutdanning
Erfaring med personalansvar
Kunnskap og erfaring om arbeidsplan er nødvendig
Fordel med kjennskap til fagområdet
Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar
Kjennskap til lov og avtaleverk
Må meistre norsk skriftleg og munleg
Personlege eigenskaparDu er målbevisst, løysingsorientert og sjølvstendig
Du likar å arbeide med organisering, logistikk og administrasjon
Du er pasientorientert og ansvarsbevisst
Du har gode samarbeidsevner og evner å motivere medarbeiarane
Du har gode kommunikasjonsevner
Du har fokus på arbeidsmiljø, kvalitet og fornuftig ressursbruk innanfor gitte rammer
Du må være positiv, like samhandel med andre menneskjer, være initiativrik og ha godt humør
Du må evne å delegere og følgje opp dei du delegerar til
Vi tilbyrLeiinga i avdelinga har årleg samling med fokus på mål og oppfølging av strategi
Dei tilsette i avdelinga består av legar, merkantilt personell, sjukepleiarar, helsefagarbeidere, hjelpepleiere og studentar med jamt over høg kompetanse
Personalet i eininga er aktive, har godt humør og er løysingsorienterte
Moglegheit for etterutdanning innan intern og ekstern leiarutdanning i føretaket
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonThomas Geisner, Avdelingssjef, 95217532, thomas.geisner@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5179683209
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.